Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Kunnskapsrik og målbevisst?

Postdoktor i marin geologi

Ved Institutt for geovitskap (http://www.uib.no/geo) er det ledig ei stilling som postdoktor i marin geologi. Stillinga er for ei periode på fire år og er knytt til prosjektet “Reconstructing Quaternary basin configuration and evolution in the central/northern North Sea” (REQUBE), finansiert av Norges Forskningsråd (2017-2021).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Prosjektet vil omfatte utveljing av materiale og preparering for, samt å oversjå, datering av foraminiferprøver frå kvartære sediment i Nordsjøen med aminosyre- og Sr-metoden.
  • Kombinere Sr- og aminosyredata med resultat basert på paleomagnetisme og biostratigrafi for utvikling av best mogleg datering av den mektige kvartære sedimentlagpakka i Nordsjøen.
  • Frå sedimentprøver og seismiske data bidra til eit rammeverk for det vekslande sedimentasjonsmiljøet i Nordsjøen gjennom kvartær tid.
  • Samhandling med prosjektpartnarar for å utvikle ein god kunnskapsbase for modellering (backstripping) av den kvartære sedimentlagpakka i Nordsjøen. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor geologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå arbeid med glasiale sediment, kvartære dateringsmetodar og/eller foraminifer mikropaleontologi.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg. 

Særeigne krav for stillinga

I tillegg til det som er nemnd over, er det ein føremon om kandidaten har bakgrunn på universitetsnivå innan kjemi og noko erfaring med seismiske metodar anvendt på kvartære sedimentlagpakker. Dokumenterte erfaringar med dataverktøy (program som R, ArcGIS, Petrel.) vil vere ein føremon.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Den tilsette skal saman med prosjektleiar utarbeide framlegg til prosjekt for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget skal omfatte prosjektomtale og framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, vil kunne gjennomføre prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde


  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til tre referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknadsfrist: 01.05.2017

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Hans Petter Sejrup, Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, telefon: +4790998028, epost: sejrup@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    136410
  • Intern-ID
    17/3634
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger