Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Kunnskapsrik og målbevisst?

Stipendiat ved Institutt for geovitskap

 Ved Institutt for geovitskap (www.uib.no/geo) og Bjerknessenteret for klimaforsking (www.bjerknes.uib.no) er det ledig ei stilling som stipendiat innan fagretninga paleoklima med fokus på ismodellering og havnivårekonstruksjonar. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til prosjektet MELT, støtta av Bergens Forskningsstiftelse.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Hovudformålet med MELT-prosjektet er å betre berekningane for havnivået i fortida og framtida ved å bruke ein kombinasjon av fysiske modellar og observasjonsdata frå iskjernar og isradar målingar på Grønland. Det vil bli utvikla og testa ein ny type ismodell for Grønnlandsisen som skal brukast i arbeidet.

Kandidaten skal gjennomføre simulasjonar med ein modell som simulerer interne is-sjikt i isbrear som skuldast variasjonar i snøakkumulasjon. Desse simuleringane omfattar heile den siste istidssyklusen og resultata skal samanliknas med observasjonar frå isradar-målingar (NASA Operation IceBridge). I den fyrste delen skal vi undersøkje uvissa i simulasjonane på grunnlag av ein statistisk analyse. Etterpå skal det utviklast ein optimeringsmetode (på Fortran) for å få best mogeleg samsvar mellom simuleringa og observasjonane. Moderne superdatamaskinar er tilgjengelege for prosjektet. Prosjektet omfattar intensivt samarbeid med våre partnare i Danmark, Sveits og USA, som er leiande på sine respektive felt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i glasiologi, fysikk, matematikk, geovitenskap, meteorologi, eller tilstøtende område. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 15. juli 2017. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha røynsle innanfor dynamikk av isbrear og klima. Oppgåva medfører avansert vitskapleg programmering slik at røynsle med Python, Matlab, Fortran, R, Java e.l. er ein føresetnad.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Evne til proaktiv problemløysing er en føremon.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftlig og munneleg.

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar)

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR 20) i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Søknadsfrist: 15. Mai 2017

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Andreas Born, e-post andreas.born@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    136225
  • Intern-ID
    17/3823
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger