Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Kunnskapsrik og målbevisst?

Stipendiat ved Institutt for geovitskap

 

Ved Institutt for geovitskap (www.uib.no/geo) og Bjerknessenteret for klimaforsking (www.bjerknes.uib.no) er det ledig ei stilling som stipendiat innan fagretninga paleoklima med fokus på ismodellering og havnivårekonstruksjonar. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til prosjektet MELT støtta av Bergens Forskingsstiftelse.

Om prosjektet/arbeidsoppgaver

Hovudformålet med MELT prosjektet er å betre berekningane for havnivået i fortida og framtida ved å bruke ein kombinasjon av fysiske modellar og observasjonsdata frå iskjernar og isradar målingar på Grønland. Det vil bli utvikla og testa ein nye type ismodell for Grønnlandsisen som skal brukast i arbeidet.

Kandidaten skal med utgangspunkt i ein eksisterande snømodell (på Fortran) tilpasse og implementere denne i ei ny ismodell. Det vil gjere det mogeleg å simulera den siste interglasialen, ein varm periode for omkring 125 tusen år sidan. Vidare vil modellen kunne brukast for å simulere framtidas isutbredelse på Grønland. Forventa utfall av prosjektet er auka kunnskap om uvissa i framtidas havnivåendringar på basis av eit stort tal simuleringar gjort på superdatamaskinar. Desse simuleringane skal samanliknast med rekonstruksjonar gjort ved objektive statistiske metodar. Prosjektet omfattar intensivt samarbeid med våre partnarar i Danmark, Sveits og USA, som er leiande på sine respektive felt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar 

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i glasiologi, fysikk, matematikk, geovitenskap, meteorologi, eller tilstøtende område. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 15. juli 2017. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha røynsle innanfor dynamikk av isbrear og klima. Oppgåva medfører avansert vitskapleg programmering slik at røynsle med Python, Matlab, Fortran, R, Java e.l. er ein føresetnad.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Evne til proaktiv problemløysing er en føremon.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftlig og munneleg.

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar)

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endelig plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal være godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du begynte i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Søknadsfrist: 01. Mai 2017

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Andreas Born, andreas.born@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    136218
  • Intern-ID
    17/3249
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger