Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Postdoktor i prosjektet "A Narratology of Criminal Cases"

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei stilling som postdoktor ved SAMKUL-prosjektet A Narratology of Criminal Cases. Stillinga er for perioden 01.11.2017–31.12.2019.

 

Om prosjektet

Prosjektet plasserer seg innanfor det tverrfaglege forskingsfeltet humanistiske rettsstudiar, og dreiar seg om å undersøke forteljingane i strafferetten i lys av narrativ teori. Det viktigaste målet for prosjektet er å bidra til ei betre forståing av forteljinga si rolle i norske straffesaker ved hjelp av narratologisk teori og analyse. Forteljingar speler ei sentral rolle i alle straffeprosessar. Gjennom heile straffeprosessen finn vi forteljingar: I politiet sine arbeidshypotesar under etterforskinga, i avhøyra, i tiltala, under hovudforhandlinga, i mediedekninga, og i faktumframstillinga i dommen. Det er rimeleg å gå ut frå at desse forteljingane – på kva måte dei blir presentert og oppfatta – har noko å seie for utfallet av saka.

 

Prosjektet er inndelt i fire hovudoppgåver: 1. Å utvikle ei teoretisk informert oversikt over alle forteljingstypane som inngår i ei norsk straffesak, og å undersøke korleis desse forteljingane interagerer med kvarandre. 2. Å undersøke korleis forteljingar blir brukt og forstått som bevis av norske domstolar. 3. Å analysere forteljingane som blir presentert i domspremissane. 4. Å undersøke eksistensen av kulturelle og kjønnsmessige fordommar i forteljingane i straffesaka. Denne siste oppgåva er di viktigare ettersom det norske samfunnet blir stadig meir fleirkulturelt.

 

Arbeidsoppgåver

Den som får stillinga, vil ha eit særleg ansvar for den fjerde hovudoppgåva i prosjektet, men vil òg kunne bidra til dei andre oppgåvene i prosjektet. Postdoktoren vert også oppmuntra til å bidra til generell teoriutvikling innan fagfeltet.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande med relevans for fagfeltet, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må meistre norsk skriftleg og munnleg.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 2 år og 2 månader. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjaren skal ved tilsetjing kome med framlegg til ein plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekt vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 485 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN». Søkjarane skal nytte det elektroniske CV-skjemaet som ein finn der. I tillegg må dette følgje søknaden:

 

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei kort prosjektskisse (maks 2 sider) og framdriftsplan
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Prosjektleiar Frode Helmich Pedersen, LLE, tlf. 55 58 25 88, frode.pedersen@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 5. juni 2017

Søknaden skal merkjast: 17/3267

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    135613
  • Intern-ID
    17/3267
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Prosjekt

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger