Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Tekst: Analytisk og fremtidsrettet?

Stipendiat i mikrobiologi

Ved Institutt for biologi er det ledig ei stilling som stipendiat i mikrobiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og knytt til forskingsgruppa Generell mikrobiologi.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet «Methane oxidation by extremophilic Verrucomicrobia adapted to geothermal environments», finansiert av Norges forskingsråd. Prosjektet skal auka den grunnleggjande forståinga av mekanismen, reguleringa og evolusjonen av biologisk metanoksidasjon, med fokus på varme- og syre-tilpassa («termo-acidofile») metanotrofe bakteriar som lever i vulkanske miljø.

  

Arbeidsområdet vil vere vekstfysiologiske og molekylærbiologiske studiar av ekstremofile metanoksiderande bakteriar tilhøyrande fylumet Verrucomicrobia og deira nøkkelenzym for oksidasjon av metan. Kortare utanlandsopphald i samband med prosjektarbeid eller konferansedeltaking må påreknast.

 

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i mikrobiologi eller molekylærbiologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Røynsle frå arbeid med mikroorganismar og relevante molekylærbiologiske tilnærmingar som t.d. genteknologi, genomanalyser, heterolog genekspresjon, proteinkjemi og transkriptomikk vil bli vektlagd.
  • Må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år. 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ei PhD- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til PhD- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar.

 Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Nils-Kåre Birkeland.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    09.04.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    135583
  • Intern-ID
    2017/2888
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger