Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Tekst: Analytisk og fremtidsrettet?

Faste praksislærarstillingar (heil- eller deltid) i Media City Bergen

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Universitetet i Bergen

 

Institutt for informasjons- og medievitskap

 

Faste praksislærarstillingar (heil- eller deltid) i journalistikk, medie- og interaksjonsdesign, TV-produksjon og manusutvikling for seriar i Media City Bergen

 

Hausten 2017 vil delar av Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB vere flytta inn i Media City Bergen i Lars Hillesgate saman med mellom andre TV 2, Bergens Tidende, BA, NRK og Vizrt. Den overordna ambisjonen for Media City Bergen er: ”å skape eit internasjonalt leiande miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innan mediefeltet.” Instituttet har ei sentral plassering i den nye kunnskapsklynga, og etablerer heilt nye og framtidsretta studieprogram med stor yrkesrelevans på bachelor- og masternivå.

 

Våren 2017 rekrutterer vi praksislærarar og gjeste-/timelærarar knytt til seks nyoppretta studieprogram:

  • Bachelor i journalistikk
  • Bachelor i medie- og interaksjonsdesign
  • Bachelor i TV-produksjon
  • Master i undersøkjande journalistikk
  • Master i medie- og interaksjonsdesign
  • Master i manusutvikling for seriar

Gjennom denne utlysinga skal det tilsetjast praksislærarar i faste stillingar som svarer til tre årsverk. Det er aktuelt å tilsetje praksislærarar i stillingar frå 20 til 100 prosent. Storleiken på stillingane kjem an på søkarane sin kompetanse, deira eigne ønske og omsynet til det totale undervisningsbehovet. Det kan være aktuelt å tilsetje praksislærarar med undervisningsoppgåver som går på tvers av dei seks programma.

Vi søker kandidatar på følgjande områder:

Bachelor i journalistikk og master i undersøkjande journalistikk

Til vår bachelor i journalistikk og master i undersøkjande journalistikk søkjer vi praksislærarar som har lyst og evne til å arbeide med høgt motiverte studentar. Målet er å utdanne sjølvstendige, kreative og konstruktive journalistar som er trygge på nye teknologiar og opne for nye vendingar i journalistikken. Utdanningane byggjer på journalistiske grunnverdiar kopla med trening i digitale verkty, fagleg nyskaping, entreprenørskap og djupnekompetanse på undersøkjande journalistikk. Vi samarbeider på tvers av fag og med relevante aktørar både i medieklynga og elles. 

 

Søkjarar til praksislærarstillingar bør ha ny og brei erfaring frå praksisfeltet, vere fagleg framoverlente og like å arbeide i team og med entreprenørskap. Kompetanse på digitale verkty er ein føresetnad, og søkjarar bør helst ha spesialkompetanse på eitt eller fleire av disse felta:

 

-      nyheitsproduksjon/historieforteljing/dokumentar

-      undersøkjande journalistikk

-      journalistiske metodar

-      foto/video/mojo

-      datajournalistikk/visualisering/webdesign

-      digital etikk/mediejus

-      lyd/podcast

-      sosiale medier

 

Annan spesialkompetanse kan og vere av interesse.

Søkjarar må ha minimum bachelorgrad innan journalistikk eller andre relevante fag, og dokumentert journalistisk praksis på fleire pattformer.

 

Bachelor og master i medie- og interaksjonsdesign

Medieinnhald blir i dag produsert med digitale verkty, og mediebruk er i aukande grad brukarstyrt og knytt til interaktive løysingar og on-demand-tenestar. Vårt bachelor- og masterprogram i medie- og interaksjonsdesign gjer studentane i stand til å forstå kva brukarane treng i slike situasjonar, og gjer dei i stand til å designe løysingar for interaksjon som gjer medieproduksjon effektivt og mediebruk brukarvennleg. Gjennom utdanninga får studentane kunnskap om interaksjonsdesign og digitale grenseflatar som sikrar inkluderande og intuitiv menneske-maskin interaksjon og positive brukaropplevingar knytt til medieproduksjon og mediebruk, inkludert web, mobile løysingar og spel.

 

Vi søkjer personar som kan undervise på bachelor- og/eller masternivå i medie- og interaksjonsdesign. Søkjarar bør ha praktisk erfaring frå UX- og interaksjonsdesign, fortrinnsvis innan media og kommunikasjon. Vi ser etter søkjarar med kompetanse innan eitt eller fleire av følgjande område:

 

- interaksjonsdesign, prototyping og brukartesting

- brukaranalyse og brukarsentrerte designprosjekt

- webdesign og grafisk design

- front-end og back-end programmering  

- utvikling av og bruk av medieproduksjonssoftware

- metodar for softwareutvikling

- visualiseringsteknologi

- droneflyging- og programmering

- 3D-modellering og -programmering

 

Søkjarar må ha minimum bachelorgrad innan informasjonsvitskap, interaksjonsdesign eller ein it-fagleg medieutdanning, som til dømes nye media eller liknande.

 

Bachelor i TV-produksjon og master i manusutvikling for seriar

Bachelorprogrammet i TV-produksjon er ei allsidig utdanning som gir studentane kunnskap og kompetanse innan eit breitt spekter av sjangrar og format, frå fiksjon til underhaldning til dokumentar. Undervisinga femner frå konsept- og manusutvikling til tekniske og handverksmessige ferdigheiter. Det siste året spesialiserer studentane seg i kvar sin fagfunksjon, anten regi, foto, klipp, lyd eller produsent.

Masterprogrammet i manusutvikling for seriar er ei meir spesialisert utdanning i manusskriving for serieformat, det vil seie forteljingar som er stykka opp i episodar. Det inkluderer fiksjonsseriar for tv (både drama og komedie), dokumentarseriar og webseriar.

Søkjarar må ha erfaring frå film- og/eller tv-produksjon. Formell utdanning i fagfeltet vil vere ein fordel, slik som bachelor- eller mastergrad i film&tv-produksjon, screenwriting eller tilsvarande.  Ved tilsetjing legg vi mest vekt på kjernekompetansane i dei to programma – manusutvikling, foto, lyd/lyddesign, klipp, regi og produsentoppgåver. Kompetanse på tvers av desse fagfunksjonane, og erfaring frå ulike typar produksjonar, kan vere ein fordel. Det same gjeld tilleggskompetanse i slikt som produksjonsdesign, fargekorrigering eller VFX.

 

For alle stillingar gjeld følgjande:

 

Arbeidsoppgaver:

  • Undervisning, workshops og rettleiing. Undervisningsspråk er norsk.
  • Eksamensarbeid
  • Kontakt med gjestelærarar og bransje/praksisfelt

 

Kvalifikasjonar:

  • Allsidigheit er ein føremon
  • Erfaring med undervisning på relevante fagfelt er ein føremon
  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevne, motivasjon og ambisjonar for eiga undervisning vert tillagt vekt.

 

Praksislærarane vil samarbeide tett med dei faglege leiarane og vitskapleg tilsette ved dei tre programma.  Vi legger vekt på å dekke det totale undervisningsbehovet så godt som mulig, og vil i tilsettingsprosessen prioritere å finne kandidater med erfaring og kompetanse som utfyller hverandre.

 

Vi kan tilby

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på undervisning og forsking.
  • Søkjar med mastergrad vil bli lønna som universitetslektor etter lønssteg 47- 59 i det statlege regulativ, (kode 1009/LR25). Dette utgjer ei årsløn på kr. 412 600,- - 503 800,-. Søkjar med bachelorgrad vil bli lønna som øvingslærar etter lønssteg 41- 58 i det statlege regulativ, (kode 1007/LR23).  Dette utgjer ei årsløn på kr. 377 300,- - 494 800,-. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode trenings- og velferdstilbod.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse.

 

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

 

Søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på ”Søk på jobben”. Søknaden må innehalde alle opplysningar som det skal takast omsyn til ved bedømming av dei faglege kvalifikasjonane. Oppgi i søknaden om du søkjar på fleire fagområder.

 

Søknaden skal merkast: 17/2936

 

Søknadsfrist: 5. april 2017

 

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje bli vurderte.

 

Til informasjon

Spørsmål rundt stillingane kan rettas til administrasjonssjef Carina Ottesen, carina.ottesen@uib.no, eller telefon 55 58 91 01.

 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, bodil.hagland@uib.no eller telefon 55 58 90 53.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga. 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. april 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    135560
  • Intern-ID
    17/2396
  • Omfang
    Fast 30%
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger