Universitetet i Bergen

Matematisk institutt

Tekst: Analytisk og fremtidsrettet?

Stipendiat i statistikk

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i statistikk frå august 2017. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Dette er ei utdanningsstilling som skal gi lovande kandidatar ei forskarutdanning på høgt nivå og føre fram til doktorgrad innan statistikk. Doktorgradsprosjektet vil falle inn fortrinnsvis under eit eller fleire av områda:

 

                                              - statistisk maskinlæring

                                              - utrekningsintensiv statistikk

                                              - bayesiansk metodikk

                                              - tidsrekkjeanalyse

 

Kandidatar som beherskar norsk eller eit anna skandinavisk språk vil bli tilsett for 4 år med 25 % pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Kandidatar som ikkje beherskar norsk eller eit skandinavisk språk vil normalt bli tilsett for 3 år.

 

Nærare omtale av instituttet kan ein finne på http://www.math.uib.no/

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i statistikk, og må tilfredstille krava til opptak til ph.d. programmet ved Universitetet i Bergen.

  • Masterstudentar kan søkje dersom dei skal fullføre sin avsluttande mastereksamen innan 30. juni 2017. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre stillinga.

  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

     

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjend utdanningsprogram for ein ph.d.- grad. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20.8) i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

  

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysingar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad

  • dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30. juni 2017

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 2. juni 2017

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Sigmund Selberg, e-post sigmund.selberg@math.uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Vi oppmodar personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld universitetet sine reglar om kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    135419
  • Intern-ID
    2017/3322
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger