Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Vestlundveien ungdomssenter er ei institusjon for ungdom 13-18 år med alvorlege atferdsvanskar, med høg risiko for vidare negativ utvikling. Avdelinga har plass til 3 (4) ungdomar. Ungdomane er plassert etter atferdsparagrafane i Lov om Barneverntjenester og gjennom opphaldet skal ungdomane få behandling for deira atferdsvanskar. Regionen driver eit viktig kvalitetsutviklingsarbeid med målgruppedifferensiering og spesialisering innanfor tenestetilbodet.
Miljøterapeutar - våken nattevakt (75 %)
Om stillingen
-
SøknadsfristAvsluttet
-
ArbeidsgiverBarne-, ungdoms- og familieetaten
- Nettside
-
KommuneBergen
-
Jobbnorge-ID135387
-
Intern-IDVest 23/17
-
OmfangDeltid
-
VarighetEngasjement