Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også ei avdeling av Møreforsking og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda, st. nr. 16/2017

Ved Høgskulen i Volda er det ledig stilling som høgskuledirektør frå 1. august 2017. Stillinga er ei åremålsstilling med ein periode på 6 år.

Høgskuledirektøren har saman med vald rektor ansvaret for den daglege leiinga av institusjonen med styret for høgskulen som næraste overordna instans.

Høgskuledirektøren er øvste leiar for den samla administrasjonen ved høgskulen og utfører funksjonane sine innanfor dei rammene som styret og departementet fastset, og er gjennom universitets- og høgskolelova gitt fleire ulike ansvarsfelt og arbeidsoppgåver.

Som næraste medarbeidarar har høgskuledirektøren leiarar med ansvar for økonomiforvaltning, personaladministrasjon og studieadministrasjon, dessutan dekanar som leiarar for avdelingane.

Høgskuledirektøren er ansvarleg for å setje i verk vedtak som styringsorgana ved høgskulen gjer.

Den som blir tilsett, må ha relevant høgare utdanning, minimum mastergrad/hovudfag. Det vil bli stilt store krav til leiareigenskapar, samarbeidsevne og arbeidskapasitet. Søkjarar må kunne dokumentere brei administrativ røynsle og leiarerfaring. Det vil bli lagt vekt på innsikt i høgre utdanning og forsking. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som gjeld for stillinga, m.a. med lovfest innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga blir lønt etter Statens lønsregulativ, lønsplassering 90.100, stillingskode 1062, løn etter avtale.

Søknaden skal leverast elektronisk, og vi viser til det elektroniske søknadsskjemaet på www.hivolda.no/stilling.

Søknadsfrist: 3. mai 2017

Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk: PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla kjem over 15 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

CV med kontaktinformasjon for referansar

Rettkjende kopiar av vitnemål/attestar

Masteroppgåve og hovudfagsoppgåve

Ev. andre aktuelle vedlegg

Vedlegga må ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til høgskulen. Søkjaren må ta med originale eller rettkjende kopiar av attestar og vitnemål på eventuelt intervju.

I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli unnatekne i den offentlege søkjarlista. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «Søknad» krysse av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentlighet, jamfør offentlighetsloven» og grunngje søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til rektor Johann Roppen, tlf. 70 07 50 20, e-post: jr@hivolda.no.

Stillingsomtale – høgskuledirektør

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde til høgskuledirektøren er regulert i universitets- og høgskolelova.

Høgskuledirektøren er øvste leiar for den samla administrasjonen ved høgskulen innanfor dei rammene styret set. Høgskuledirektøren rapporterer direkte til styret og har saman med vald rektor ansvaret for den daglege leiinga av institusjonen.

Høgskuledirektøren skal syte for at høgskulen blir administrert i samsvar med lover og forskrifter og reglement som gjeld for statsforvaltninga generelt og for høgskulesektoren spesielt.

Direktøren skal og syte for at høgskulen vert administrert på ein effektiv og rasjonell måte innanfor dei rammene som styret og departementet fastset og skal vurdere behov for endringar i administrative funksjonar ved høgskulen og organiseringa av verksemda. Ein føresetnad for ein effektiv administrasjon er eit løpande og tett samarbeid mellom rektor og direktør. Framlegg om endringar i administrative funksjonar skal leggjast fram for styringsorgana ved høgskulen.

Som øvste administrative leiar skal høgskuledirektøren syte for at samarbeidsavtalar og/eller ordningar av fagleg art som høgskulen tek del i nasjonalt eller internasjonalt, blir følgde opp administrativt.

Høgskuledirektøren har som øvste administrative leiar ved institusjonen eit generelt tilsynsansvar for alle administrative forhold ved høgskulen. Høgskuledirektøren er saman med rektor ansvarleg for intern informasjon.

Høgskuledirektøren er sekretær for styret og skal etter samråd med rektor førebu og gi tilråding i saker som skal leggjast fram for styret.

Høgskuledirektøren har møte-, tale- og forslagsrett i alle organa ved høgskulen.

Høgskuledirektøren er ansvarleg for at det er etablert naudsynte sekretariatsfunksjonar ved dei andre styringsorgana ved høgskulen og har ansvaret for å setje i verk vedtak som styringsorgana ved høgskulen gjer.

Høgskuledirektøren er ansvarleg for at økonomiforvaltninga ved høgskulen skjer på ein trygg måte og i samsvar med departementet sine generelle vedtak.

Høgskuledirektøren skal ta initiativ til å utarbeide plandokument for verksemda og har eit særleg ansvar for å utarbeide og leggje fram for styret budsjettframlegg og årsrekneskap.

Høgskuledirektøren skal til ei kvar tid halde styret og rektor orientert om rekneskapsforhold og andre viktige forhold for verksemda ved institusjonen.

Høgskuledirektøren skal syte for at løyvingane blir nytta i samsvar med dei føresegnene som gjeld, og vedtak om budsjettdisponeringa i styringsorgana ved høgskulen. Høgskuledirektøren skal sjå til at budsjettet ikkje blir overskride.

Høgskuledirektøren har tilvisingsrett og representerer høgskulen i forhandlingar med eksterne partar om avtalar som forpliktar høgskulen økonomisk eller på annan måte, som til dømes leige av lokale og andre kontraktar.

Høgskuledirektøren fører tilsyn med og har ansvar for drift og vedlikehald av lokala ved høgskulen, eventuelt i samråd med huseigaren.

Høgskuledirektøren er arbeidsgjevarrepresentant ved drøftingar og forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonar dersom ikkje noko anna er avtalt.

Arbeidsoppgåvene og ansvarsområdet for høgskuledirektøren kan bli endra som følgje av nye lover, forskrifter og styringsordning.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen i Volda
  • Nettside
  • Kommune
    Volda
  • Jobbnorge-ID
    135386
  • Intern-ID
    16/2017
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger