Universitetet i Bergen

Universitetsbiblioteket

Tekst: Analytisk og fremtidsrettet?

Universitetsbibliotekar

Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for all

forsking, undervisning og kunnskapsformidling ved Universitetet i Bergen. UB legg vekt på å ha ein aktiv dialog med fagmiljøa og studentane ved universitetet og på den måten bidra til vidare utvikling innan forsking, utdanning, kunnskapsformidling og innovasjon. Me  arbeider svært  aktivt for å utnytta moglegheitene  og handtera utfordringane som eit framtidsretta og innovativt fag- og forskningsbibliotek står overfor. Elektroniske tenester, institusjonspublisering, undervisning i bruk av informasjonsressursar og annan formidlingsaktivitet er viktige satsingsfelt. Ved UB er det for tida om lag 90 faste stillingar.

 

Ved UB er det ledig fast 100% stilling som universitetsbibliotekar (kode 1199). Stillinga er for tida knytt til Avdeling for samfunnsvitskap, humaniora og jus, med arbeidsstad på Bibliotek for samfunnsvitskap og musikk.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling, formidling og tilrettelegging av dei trykte og elektroniske samlingane

  • Gje informasjonstenester til undervisning og forsking i samarbeid med fagmiljøa på Det samfunnsvitskaplege fakultet

  • Gje rettleiing og undervisning i informasjonskompetanse og bruk av biblioteket sine tenester, verktøy og ressursar

  • Ta aktivt del i vidareutvikling og tilrettelegging av tenestene, særleg med opplæring i informasjonskompetanse og tenester for forskarar

  • Delta i verksemda elles

Den som vert tilsett kan verte pålagt å delta i vaktordning utanom ordinær kontorarbeidstid.

 

Kvalifikasjonar

  • Minimum mastergrad innan fagområda ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, gjerne innan økonomi og/eller geografi

  • Kjennskap til forsking og forskingsmetodar vert vektlagt

  • Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk

  • Pedagogisk utdanning, erfaring med undervisning og rettleiing vert vektlagt, og også erfaring med formidling.

Me søkjer deg som

  • Kan arbeide målretta, effektivt og sjølvstendig

  • Er serviceorientert, fleksibel og initiativrik

  • Har gode samarbeids- og formidlingsevner

Det pågår for tida ein organisasjonsutviklingsprosess ved Universitetsbiblioteket. Det kan bli endringar som stiller krav til medarbeidarane sin evne og vilje til omstilling.

 

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

 

Me tilbyr

  • Eit stimulerande miljø med engasjerte kollegaer

  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB

  • Løn etter lønssteg 49/61 (kode 1199/LR 25, alternativ 3) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida 425.900-525.800). Søkjarar som er erklært kompetent til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200/LR 24. alternativ 3), løn etter lønssteg 59 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 59-67, for tida kr 503.800-588.100). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Fleksibel arbeidstid

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til avdelingsleiar Ane Landøy, tlf. 55 58 25 23 eller mob. 41 67 72 25, epost ane.landoy@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Send søknad, CV, kopi av vitnemål og attestar elektronisk ved å klikke på knappen merka "Søk stillingen" på denne sida.


Søknadsfrist: 2. april 2017

Søknaden skal merkast: 2017/3415

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    02.04.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    135254
  • Intern-ID
    2017/3415
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger