Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Analytisk og fremtidsrettet?

Postdoktor i dynamisk meteorologi

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i dynamisk meteorologi. Stillinga er for ein periode på tre år og knytt til prosjektet UNifying Perspectives on Atmosphere-Ocean Interactions during CyClone Development (UNPACC).

 

Om prosjektet og arbeidsoppgåver

Stillinga vil fokusere på vekselverknaden luft-sjø med fokus på mekanismane som verkar på dei temporære og romlege skalaar frå frontar til synoptiske lågtrykk. Dei sterke temperaturgradientane i havoverflata langs havstraumar som Golfstrømmen og i Kuroshio-regionen påverkar atmosfæren sterkt, særleg baroklinitet i lågare del av atmosfæren og frontale interaksjonar mellom havet og atmosfæren. Den som vert tilsett skal undersøke mekanismane som frontar og virvlar i havet vekselverkar med atmosfæriske frontar og syklonarpåved å bruke idealiserte simuleringar, reanalysedata og data frå fullt kopla klimamodellar. Fokuset vil vere på å teste nyleg føreslegne hypotesar om front-vekselverknad mellom atmosfæren og havet med med idealisert modellering som inkluderer nye diaagnostiske verktøy som har blitt utvikla ved UiB. Arbeidet vil utførast i samarbeid med eit internasjonalt team (Australia, Japan, UK, USA) knytt til prosjektet UNPACC).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor meteorologi eller relaterte fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha god kunnskap i atmosfærisk dynamikk.
  • Du må ha gode kunnskapar i programmering (e.g., FORTRAN, Python, Shell scripting), vanlegvis i Linux.
  • Du må ha erfaring i å analysere modell- og reanalysedata, og i å utføre modellsimuleringar.
  • Søkarar bør generelt vere vitskapleg nyfikne og vere sjølvstendige med å utforske og implementere nye metodar og idear.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er tre år. Om den som vert tilsett ikkje har undervisningserfaring frå tidlegare, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til tre år og tre månader, der dei tre ekstra månadene vert finansiert av instituttet. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med prosjektleiar utarbeide ein plan for kvalifiserings-arbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • Medlemskap i Noreg-Japan samarbeidet «Excellent Education and Research in Weather and Climate Dynamics (NORPAN)», inkludert korte gjesteforskaropphald i Japan.

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • Relevante attestar

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt til enkeltpersonar per epost, vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Thomas Spengler (thomas.spengler@gfi.uib.no) eller Sebastian Schemm (sebastian.schemm@gfi.uib.no), Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    02.04.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    135198
  • Intern-ID
    2017/2810
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger