Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeidar med saker heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedommar, samarbeidstiltak mellom eigedommar, klarlegging og fastsetting av eigedoms- og bruksrettsgrenser, andre rettstilhøve som gjeld fast eigedom, ulike skjønn m.m. Landet er delt inn i 34 jordskiftesokn med til saman om lag 260 tilsette.

 

Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.

 

Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

 

Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer.

Embete som jordskiftedommar ved Indre Sogn jordskifterett og Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett

Det er ledig embete som jordskiftedommar ved Indre Sogn jordskifterett og Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett, med Sogndal som fast kontorstad. Som ei prøveordning har Indre Sogn jordskifterett og Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett felles leiar. Tiltreding etter nærare avtale.

Indre Sogn jordskifterett femner om kommunane: Aurland, Balestrand Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Domstolen har fem stillingar.

Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett femner om kommunane: Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Naustdal og Solund. Domstolen har kontorstad i Førde, og det er for tida ni tilsette.

Vi kan tilby

  • eit meiningsfylt arbeid med stor sjølvstende og fagleg utvikling
  • eit omfattande introduksjonsprogram til nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart 4. år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

For stillinga blir det kravd eksamen frå NMBU/UMB/Norges Landbrukshøgskule med master/hovudkurs i eigedomsfag/jordskiftefag/eigedomsutforming. Det er ynskjeleg med brei yrkes- og livserfaring. God skriftleg og munnleg framstillingsevne, analytisk evne, god menneskekunnskap og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt. I tillegg vil det bli lagt vekt på at kandidaten har evne til å vidareutvikle jordskifteretten i tråd med dei krav og forventningar som brukarane har.

Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt, krev ein uttømmande politiattest. Søkjarar må utan vederlag finne seg i ev. endringar som kan bli gjorde i forretningskrins og organisering av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.

Det er vanleg praksis i jordskiftedomstolane å hjelpe kvarandre med saksavviklinga på tvers av soknegrensene. Søkjarane må difor vere innstilte på å ta saker for andre jordskifterettar.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.jordskifte.no /www.domstol.no/innstillingsradet  www.jordskifte.no /www.domstol.no/innstillingsradet . 

Løn etter Statens regulativ, jordskiftedommar kode 0455, Årsløn er for tida inntil kr 823 900,-.

Frå løna blir det trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Søkjarane må disponere bil.

Ytterlegare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Innstillingsrådet for dommarar v/sorenskrivar Yngve Svendsen, tlf. 38 17 63 00.
  • Domstoladministrasjonen v/avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00,
  • eller til jordskifterettsleiar Vidar Otterstad i Sogndal - Førde, tlf. 57 72 32 60.

Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.

Søknadsfrist: 3. april 2017

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. april 2017
  • Arbeidsgiver
    Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
  • Nettside
  • Kommune
    Sogndal
  • Arbeidssted
    Indre Sogn jordskifterett
  • Jobbnorge-ID
    135056
  • Intern-ID
    17/350
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Juridisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger