Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Analytisk og fremtidsrettet?

Postdoktor i strukturgeologi

Ved Institutt for geovitskap (http://www.uib.no/geo) er det ledig ei stilling som postdoktor innanstrukturgeologi med fokus på studiar av bassengavgrensande forkastningers arkitektur, utvikling og strømningeigenskapar knytt til riftbasseng. Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til prosjektet ARCEx Research Centre for Arctic Petroleum Exploration som er finansiert av forskingsrådet, Troms fylkeskommune og eit konsortium av industripartnarar. For meir informasjon om ARCEx, sjå www.arcex.no.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Vi ønskjer å tiltrekkje oss ein aktiv forskar med dokumentert og relevant forskingserfaring innan feltbaserte strukturgeologiske studiarsom skal bidra til å rettleia ein gruppe master- og PhD-studentar under leiing av professor Atle Rotevatn. Prosjektet skal ha fokus på forkastninger som avgrensar syn-rift klastiske hengblokk-basseng frå krystallinsk basement, og vil studere utvikling, arkitektur og permeabilitetsstruktur for slike forkastinger ved hjelp av felt- og laboratoriestudiar.

Det vil innebere

  • feltstudiar av forkastninger
  • feltbasert strukturell datainnsamling og analyse
  • strukturell karakterisering og rekonstruksjon av deformasjonshistorie og diagenetisk historie
  • karakterisering av deformasjon i krystallinske og sedimentære bergartar
  • prøveinnsamling og laboratorieanalyse av forkastningsbergartars petrofysiske og geofysiske eigenskapar
  • prøveinnsamling for datering av forkastningsbevegelse (K-Ar datering av illitt)
  • samhandling med industrisponsorar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor strukturgeologi, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Særeigne krav for stillinga

  • Erfaring frå feltbasert strukturgeologisk arbeid er naudsynt.
  • Erfaring med deformasjon i krystallinske bergartar vil vere ein føremon.
  • Erfaring med deformasjon i porøse klastiske bergartar vil vere ein føremon.
  • Erfaring med studiar av forkastningers permeabilitetsegenskapar vil vere ein føremon.
  • Erfaring med studiar av strukturell diagenese vil vere ein føremon.
  • Erfaring med mikrostrukturell karakterisering og analyse vil vere ein føremon.
  • Dokumenterte evner til å presentere og publisere skriftleg forskingsarbeid av høg kvalitet på internasjonalt nivå er påkravd.
  • Prosjektet kan starte umiddelbart og kandidater som har anledning til å starte umiddelbart vil ha ein fordel.
  • Det feltbaserte arbeidet vil gå føre seg med base i teltleir, til dels i avsidesliggjande områder, og vil vere fysisk krevjande. Brei erfaring med feltarbeid, friluftsliv og arbeid i arktiske strok vil derfor vere ein føremon.

Om postdoktorstillinga


Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 2 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde


  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser, erfaring og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til tre referansar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Søknadsfrist: 31. mars 2017

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Atle Rotevatn, Institutt for geovitskap, tlf. +47 55 58 33 90, e-post atle.rotevatn@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknader sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. mars 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    135017
  • Intern-ID
    17/2891
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger