Universitetet i Bergen

Matematisk institutt

Tekst: Analytisk og fremtidsrettet?

Stipendiat i anvend og utrekningsorientert matematikk - utrekningsorientert bruddmekanikk

Ved Matematisk Institutt  er det ledig ei stilling som stipendiat i anvend og utrekningsorientert matematikk for ein åremålsperiode på 4 år, frå 1. september 2017.

Stillinga er knytt til prosjektet “Enhancing Geothermal Reservoirs – Hydraulic and Thermal Stimulation (ERiS)” som er finansiert av Norges Forskingsråd gjennom EnergiX programmet og involverer samarbeid med blant anna NORSAR og Statoil. Ph.d- kandidaten vil bli tilknytt forskingsgruppa for Porøse media, som omfattar fem fast vitskaplege tilsette, i tillegg til postdoktorar og ph.d.- og masterstudentar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmål for EriS-prosjektet er å styrke ekspertise knytt til utnytting av ukonvensjonelle geotermiske ressursar ved å utvikle nye numeriske modellar og arbeidsflyt for tolking av data som kan identifisere styrende mekanismar og gi prognosar for reservoaret sin respons på stimulering.

Numeriske metodar vil verte utvikla og tilpassa i lys av tolking av eksperimentelle og felt observasjonar og vice versa. Kvaliteten på det tverrfaglege samarbeidet vert sikra av tett samarbeid mellom ekspertar i seismologi og geofysikk på den eine sida og matematisk modellering og utrekningsorientert geovitskap på den andre sida.

Ved Matematisk institutt vil EriS prosjektet involvere totalt tre ph.d- studentar i tillegg til professor Inga Berre og forskar Eirik Keilegavlen. Prosjektet inkluderer også personell frå NORSAR og Statoil, i tillegg til ein postdoktorkandidat tilsett hos NORSAR.

Ph.d- prosjektet knytt til denne utlysinga gjeld forståing av korleis sprekkar vert danna og opna som følge av endringar i flyt og temperatur i undergrunnen når kaldare vekse vert pumpa ned ved auka trykk for å forbetre permeabilitet i reservoaret. Hovudmålet er å forbetre matematiske modellar og tilhøyrande numeriske løysingsmetodar for å forstå korleis ulike prosessar påverkar kvarandre. Særleg merksemd vil verte retta mot utvikling av numeriske metodar for å studere mekanismar for opning og forplanting av sprekkar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

 

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i anvend og utrekningsorientert matematikk, eller, alternativt, i fysikk, geovitskap eller tilsvarande.
  • Masterstudentar kan søkje dersom dei skal fullføre avsluttande mastereksamen innan 1. september 2017. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre stillinga.
  • Kandidatar må tilfredstille krava til opptak til ph.d-programmet ved Universitetet i Bergen.
  • Sterk interesse for grunnleggande og anvend forsking.
  • Solid bakgrunn i matematisk modellering, numeriske metodar og numerisk simulering, og fortrinnsvis erfaring med bruksområde innan faststoffmekanikk, særleg bruddmekanikk. Erfaring med anvendelse knytt til strøyming i porøse media er ein ytterlegare fordel, men ikkje eit krav.
  • God evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Flytande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25% av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20.8 ) i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • Dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 1. september 2017.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar 

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 28. mars 2017

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Inga Berre, e-post: inga.berre@uib.no / tlf. +47 990 42 244.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28.03.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    134958
  • Intern-ID
    2017/3126
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger