Skattelovavdelinga har ansvar for regelverket om skatt, avgift og toll. Avdelinga greier ut juridiske skatte- og avgiftsspørsmål, førebur ny lovgjeving og gir faglege råd til finansministeren. Arbeidet er juridisk, men grenser til både økonomi og politikk.

Jurist (18 månaders engasjement som trainee)

Vil du være med å førebu morgondagens skattereglar?

Finansdepartementet søkjer jurist til 18 månaders engasjement som trainee i Skattelovavdelinga.

 

Denne stillinga er lyst ut via traineeprogrammet for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning. Meir informasjon om programmet og kven som kan søkje finn du her. Søkjarane vil bli bedne om å sende inn ei eigenerklæring om at dei er i målgruppa for traineeprogrammet og har nedsett funksjonsevne.

 

 

Søkjarane må ha

  • master i rettsvitskap med godt resultat
  • god evne til skriftleg og munnleg framstilling
  • interesse og anlegg for utgreiing og lovarbeid
  • evne til å kunne arbeide sjølvstendig

 

Vi kan tilby

  • utfordrande og samfunnsnyttige oppgåver
  • ein god læringsarena som legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kolleger
  • kort veg til politiske avgjerder
  • fleksibel arbeidstid
  • betalt overtid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

 

Kandidatar som blir ferdig utdanna våren 2017 kan søkje stillinga. 


Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Finansdepartementet har som mål at dei tilsette skal vere jamt fordelt i alder og kjønn mv. Vi oppmodar kvinner og personar med innvandrarbakgrunn til å søkje på stillinga. Departementet er IA-verksemd og vil leggje arbeidsforholda til rette dersom det trengst.

 

Løn kr 430 000–480 000
Ta kontakt med avdelingsdirektør Knut Erik Omholt på tlf. 22 24 42 94 eller avdelingsdirektør Tor Lande på tlf. 22 24 42 01 om du har spørsmål knytta til stillinga. Søknaden merkes med referansenr 4/17.

 

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.

Forhåndsvisning
Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Finansdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    134891
  • Intern-ID
    4/17
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Trainee

Se mer

Finn andre stillinger