Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Postdoktor i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i romfysikk innan data-fokusert utforsking av magnetisk reconnection. Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

BCSS er organisert i to instrumentgrupper, ei formidlingsgruppe og fire forskingsgrupper, som skal svare på spørsmåla:

1) When and why is the aurora in the two hemispheres asymmetric?

2) How do we get beyond the static large-scale picture of the ionosphere?

3) What are the effects of particle precipitation on the atmospheric system?

4) What is the role of energetic particles from thunderstorms in geospace?


Postdoktoren vil vere ein del av forskingsgruppa som jobbar med spørsmål 1. Eit viktig forskingsfokus for denne gruppa omfattar forståing av magnetosfærestruktur og dynamikk i respons til ulike forhold i solvinden, og i respons til oppstart og utvikling av aktivitet i nattside magnetosfæren. Både kopling til solvinden og utvikling på nattsida, er i svært stor grad styrt av magnetisk reconnection, ein prosess som er eit fokusområde for forskinga innan dette området. Nærare bestemt er det sentralt å forstå forholda som gjer at reconnection skjer, og forholda som styrer dynamikk og hastigheita til reconnection. Typisk krev denne forskinga detaljerte undersøkingar av mikrofysikk ved kollisjonsfri reconnection.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysikk eller eit relatert fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha gode ferdigheiter innan programmering.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg flytande.

For denne stillinga søkjer vi spesielt etter kandidatar som oppfyller ein eller fleire av følgjande punkt:

  • Forståing innan forskingsfronten av mikrofysikk ved magnetisk reconnection
  • Dokumentert erfaring innan utforsking av elektrondynamikk og elektronfordelingar i elektrondiffusjonsregionen.
  • Dokumentert erfaring innan vellukka analyse av avanserte satellittmålingar frå MMS satellittane
  • Evne til å samanlikne satellittmålingar av elektronmikrofysikk med resultat frå analytisk teori eller simuleringar.
  • Dokumentert erfaring innan forsking på bølgje- og faseromstrukturar assosiert med magnetisk reconnection.
  • Dokumentert erfaring innan forsking på struktur og utvikling av grenseregionar på kinetisk skala i romplasma.

Den som blir tilsett bør vere kjent med dataanalyse og/eller modellering og ha solid teoretisk kunnskap innan eitt eller fleire av desse områda. 

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling som har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Den tilsette skal saman med prosjektleiar utarbeide ein prosjektplan for kvalifiseringsarbeidet (forskingsplan). Planen skal omfatte prosjektomtale og framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. 

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til minst to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt til enkeltpersonar per epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Michael Hesse, Institutt for fysikk og teknologi. 

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31.03.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    134738
  • Intern-ID
    2017/2528
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger