Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende.

Forskar i lavtemperatur mikrotermometri på væskeinnslutningar

Ved Institutt for geovitskap (www.uib.no/geo) er det frå oktober 2017 ledig ei stilling som forskar i mikrotermometri på væskeinnslutningar. Stillinga er for ei periode på 4 år, knytt til prosjektet T-TRAC, som er finansert av det Norske Forskningsråd og leia av dr. Nele Meckler.

 

Om prosjektet

Forskaren skal vere ansvarleg for å setje opp og føre oppsyn med eit nytt laboratorium for lavtemperatur mikrotermometri på væskeinnslutningar i stalagmittar.

 

Mikrotermometri på væskeinnslutningar brukast vanlegvis for undersøking av materiale danna under høge temperaturar. For å kunne bruke metoden i mineraler danna under låg temperatur, som kalsitt i stalagmittar, trengst bruk av eit femtosekund lasersystem. Innanfor T-TRAC-prosjektet, vil metoden bli anvendt på allereie daterte stalagmittar frå Borneo til å rekonstruere endringar i fortidstemperaturen i holar gjennom dei siste 500 000 år. Resultata vil så bli samanlikna med data generert med andre teknikkar som er tilgjengelege ved Instituttet for geovitskap (oksygenisotoper og isotopklyngetermometri). Forskaren vil ha moglegheit til å bli del av det kjende Bjerknessenteret for klimaforsking og til å knytte seg til anna pågåande forsking ved instituttet.

 

Vi søkjer ein erfaren forskar som har førstehandserfaring med laserassistert mikrotermometri på væskeinnslutningar og erfaring med væskeinnslutningar i stalagmittar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Opprette og teste laser- og mikrotermometrimetodar
  • Bedømme tilgjengelege prøver etter kor eigna dei er til analyse
  • Preparere og analysere prøvene
  • Medrettleiing av masterstudentar
  • Tolking av resultat i samarbeid med klimamodellerere

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk Ph.D. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor geovitskap, kjemi, eller tilsvarande fagfelt, innan søknadsfristen er ute.
  • To eller fleire år arbeidserfaring etter avlagd doktorgraden ville vere ein føremon
  • Søkjarar skal ha førstehandserfaring innanfor laser-assistert mikrotermometri på væskeinnslutningar
  • Tidlegare erfaring med væskeinnslutningar i stalagmittar er viktig.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1109) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • CV
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Søknadsfrist: 07. mars 2017

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dr. Nele Meckler, Institutt for geovitskap, tlf. +47 55 583530, nele.meckler@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett

funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    07.03.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    134253
  • Intern-ID
    17/2042
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger