Universitetet i Bergen

Computational Biology Unit

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Førsteamanuensis i bioinformatikk - opp til 5 stillinger

 

Computational Biology Unit – Institutt for biologi, Kjemisk institutt, Klinisk institutt 2, Institutt for informatikk, Molekylærbiologisk institutt

 

UiB har etablert Computational Biology Unit (CBU – www.cbu.uib.no) som eit senter for forsking og utdanning innan feltet bioinformatikk. CBU er vertskap for forskingsgrupper frå ulike institutt knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det medisinsk-odontologiske fakultet. Saman med Institutt for Informatikk, tilbyr CBU studieprogram på bachelor-, master- og ph.d.-nivå innan bioinformatikk. Ved CBU driv ein grunnleggjande bioinformatikk forsking som involverer utvikling av nye metodar – anten som eit mål i seg sjølv eller som del av eit biologisk forskingsprogram. CBU leiar den norske Noden av ELIXIR, ein europeisk forskingsinfrastruktur (www.elixir.org), ein nasjonal forskingskole innan bioinformatikk, biostatistikk og systembiologi (www.norbis.no), og spelar ein sentral rolle innan forskingssenteret Digitalt Liv Norge (www.ntnu.edu/dln).

 

Førsteamanuensis i bioinformatikk – opp til fem stillingar

Med støtte frå Bergens forskningsstiftelse (http://bfstiftelse.no/) vil CBU bli styrka med fem nye gruppeleiar-stillingar. Ambisjonen er å styrke bioinformatikk og berekningsbasert livsvitskapleg forsking og utdanning ved UiB – gjennom eit sterkt senter med kritisk masse på CBU og gjennom tett samarbeid med dei aktuelle institutta ved UiB. Dei fem stillingane blir lyst ut som førsteamanuensis, kvar knytt til eitt av dei fem institutta. Kvar av dei som blir tilsett vil ha kontor både ved CBU og ved det aktuelle instituttet, som omtalt i denne utlysninga. Vi søkjer etter ambisiøse kandidatar som vil bidra til forsking og undervisning både ved CBU og ved det relevante instituttet. Etter tilsetjing kan kandidatar søkje om å bli professor – avhengig av kvalifikasjonar. Ein søkjar som ønskjer å bli vurdert for meir enn ei stilling, bør skrive om alle relevante stillingar i forskingsplanen og i motivasjonsbrevet – og inkludere ein liste som prioriterer stillingane ein søkjer.

 

Førsteamanuensis ved Institutt for biologi

Institutt for biologi (http://www.uib.no/bio/) har ei sterk stilling internasjonalt innan biologi, med forsking og utdanning på tvers av ei rekkje tema inkludert fylogeni, molekylærbiologi, mikrobiologi, økologi, biodiversitet, miljø-toksikologi, utviklingsbiologi, fiskeri, akvakultur og fiskehelse. Meir enn 2/3 av forskingsaktiviteten ved instituttet er marin. Vi søkjer ein kandidat med ph.d. grad og ein sterk teoretisk og praktisk bakgrunn innan berekningsbasert biologi og bioinformatikk, relatert til metode-utvikling. Kandidaten som blir valt bør i tillegg ha forskingserfaring innan eit eller fleire av områda nemnt over. Kandidaten må og vere sterkt motivert for å engasjere seg i forsking retta til relevante områder for Institutt for biologi.

 

For meir informasjon, sjå www.cbu.uib.no eller kontakt instituttleiar Ørjan Totland (orjan.totland@uib.no, tlf +47 477 580 58) eller leiar for CBU, prof. Inge Jonassen (inge.jonassen@uib.no, tlf +47 55 58 47 13).

 

Førsteamanuensis ved Kjemisk institutt

Kjemisk institutt (http://www.uib.no/kj) driv forsking innan mange områder innan både grunnleggjande og anvendt kjemi og spelar ei sentral rolle i forsking-baserte studie-program i kjemi, farmasi, medisinsk teknologi, nanovitskap og –teknologi, prosess og petroleums-teknologi, energi-teknologi, miljø-studiar og innan lærarutdanning. Instituttet er heim for den norske nasjonale NMR-plattforma og er i ferd med å kjøpe spesialisert instrumentering for metabolske studiar.

 

Vi søkjer ein kandidat med dokumentert interesse for molekylære og strukturelle konsept og modellar i si forsking og ein sterk bakgrunn innan kjemo-informatikk, metabolomikk eller berekningsbasert kjemi. Dokumentert erfaring og interesse for metodeutvikling er ein føremon. Det er og ein føremon med interesse og talent for å anvende metodar på reelle samfunnsproblem. Kandidaten t må vise evne og vilje til å utvikle eit forskingsprogram som kan samhandle på ein god måte med ein eller fleire aktivitetar ved Kjemisk institutt. Instituttet er spesielt interessert i å utvikle slik samhandling med aktivitetar innan design av bioaktive molekyl og metabolomikk-studiar.

 

For meir informasjon, sjå www.cbu.uib.no eller kontakt instituttleiar, prof. Knut Børve (knut.borve@uib.no, tlf +47 55 58 33 65) eller leiar for CBU, prof. Inge Jonassen (inge.jonassen@uib.no, tlf +47 55 58 47 13).

  

Førsteamanuensis ved Klinisk institutt 2

Klinisk institutt 2 (http://www.uib.no/klin2) er eit av fem institutt ved Det medisinsk- odontologiske fakultet. Instituttet omfattar 330 vitskaplege og teknisk-administrative stillingar knytt til 21 forskingsgrupper innan onkologi, smittsame sjukdommar, hematologi, kardiologi, lungemedisin, endokrinologi, geriatri, mikrobiologi, immunologi, pediatri, gynekologi, farmasi, farmakologi og genetikk.

 

Vi søkjer ein kandidat med sterk teoretisk og praktisk bakgrunn innan berekningsbasert biologi og bioinformatikk. Vi forventar at kandidaten som blir tilsett utviklar si eiga forsking knytt til human medisin og skaffar finansiering til denne. Kandidaten vil bli knytt til ei forskingsgruppe (evt grupper) etter diskusjon med instituttleiar.

 

For meir informasjon, sjå www.cbu.uib.no eller kontakt instituttleiar, prof. Per Bakke (per.bakke@uib.no, tlf +47 55 97 32 25), eller leiar for CBU, prof. Inge Jonassen (inge.jonassen@uib.no, tlf +47 55 58 47 13).

 

Førstemanuensis ved Institutt for informatikk

Institutt for informatikk er vertskap for CBU og kandidaten som blir tilsett vil ha kontor ved CBU. Institutt for informatikk (http://www.uib.no/ii) fekk den beste evalueringa blant alle informatikk-institutt i Noreg i den nasjonale IKT-evalueringa i 2012. Forskinga er organisert i seks forskingsgrupper: algoritmar, bioinformatikk (CBU), optimering, programmeringsteori, påliteleg kommunikasjon og visualisering. Vi søkjer ein kandidat med ph.d-.grad og ein sterk teoretisk og praktisk bakgrunn innan berekningsbasert biologi og bioinformatikk.

 

For meir informasjon, sjå www.cbu.uib.no eller kontakt instituttleiar, prof. Petter Bjørstad (petter.bjorstad@uib.no, tlf +47 55 58 41 71), eller leiar for CBU, prof. Inge Jonassen (inge.jonassen@uib.no, tlf +47 55 58 47 13).

  

Førsteamanuensis ved Molekylærbiologisk institutt

Molekylærbiologisk institutt (http://www.uib.no/mbi) utfører eit breitt spekter av forsking og utdanning med hovud-fokus på protein-vitskap, celle-signallering, metabolisme og berekningsbasert biologi. Instituttet er organisert i forskingsprogram som kvar har delt laboratorieplass og brukar felles instrumentering og fasilitetar. Desse fasilitetane inkluderer vevs-kulturar, DNA-sekvensering, ein zebra-fisk fasilitet og eit laboratorium for protein-analyse. Instituttet har «state-of-the-art» utstyr for molekylærbiologisk forsking slik som overflate plasmon resonnans, ITC og LC-MS/MS. Ein ny NMR kjernefasilitet er plassert i nabo-bygget og har framifrå tilgjenge og gjev støtte til arbeidet.

 

Instituttet søkjer ein kandidat med sterk interesse for og erfaring frå utvikling og bruk av berekningsbaserte metodar relevant for eksperimentell molekylærbiologi. Kandidaten som blir valt er forventa å engasjere seg i samarbeid internt på instituttet eller å etablere eiga eksperimentell aktivitet for å kombinere berekningsbaserte og eksperimentelle tilnærmingar. Det er ein føremon at søkjar har  forskingsfokus innan protein-modifikasjonar, metabolisme (inkludert lipid-metabolisme) eller RNA-biologi, eller forskingsfokus som vil styrke instituttet sin aktivitet innan biomolekylær struktur-funksjon relasjonar eller signallering og regulering i biologiske system.

 

For meir informasjon, sjå www.mbi.uib.no eller kontakt instituttleiar, prof. Mathias Ziegler (mathias.ziegler@uib.no, tlf +47 55 58 45 91), eller leiar for CBU, prof. Inge Jonassen (inge.jonassen@uib.no, tlf +47 55 58 47 13).

 

Krav til kvalifikasjonar

  • Doktorgrad innan relevant fagfelt (sjå omtalar av stillingane over)

  • Dokumentert teori-kompetanse innan bioinformatikk

  • Dokumentert erfaring med utvikling og bruk av bioinformatiske metodar

  • Interesse for og evne til å bidra til forskingsaktivitet ved CBU og ved det relevante instituttet (sjå omtale av kvar stilling over)

  • Erfaring med uavhengig forsking

  • Interesse for og erfaring innan undervisning (på bachelor- eller master nivå) og rettleiing av studentar (master/ph.d.)

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte, og til å samarbeide med andre

  • Flytande engelsk, både munnleg og skriftleg

  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillingane. Dei som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid. samt evne til å skaffe eksterne midlar til forsking. Kandidaten som blir valt blir forventa å spele ein aktiv rolle i interdisiplinært forskingssamarbeid, opplæring og utdanning, og å bidra til eit stimulerande forskingsmiljø innan bioinformatikk og berekningsbasert biologi ved CBU og dei relevante institutta.

 

Undervisningsspråket vil vanlegvis vere norsk. Kandidaten som blir valt vil bli pålagd å undervise i norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetting. CBU og dei tilknytte institutta er alle i høy grad internasjonale arbeidsmiljø, og arbeidsspråket i det daglege er vanlegvis engelsk.

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt,

  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling

  • Løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

  • Høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse med årleg søknadsfrist 15. september.

Til kvar stilling som førsteamanuensis følgjer ei ph.d.-stilling (4 år).

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Generell informasjon

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknaden må innehalde:

  • ei prioritert liste som viser kva stillingar du søkjer

  • kva motivasjon du har for å søkje stillinga/stillingane

  • CV vitnemål og attestar

  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

  • fullstendig publikasjonsliste

  • vitskaplege arbeid (maks 10) du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

  • relevante skriftlege referansar

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknaden skal og innehalde eit forslag til forskingsplan for dei neste fem åra, inkludert kandidatens potensielle områder for samarbeid med forskarar og grupper ved CBU og relevante institutt.

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.


Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

 

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Søknadsfrist: 15. april 2017

 

Undervisning

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men kan óg vere engelsk. Det blir normalt kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullførd innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett, også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved å sende inn:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning

  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå

  • oversyn over mastergrads- og doktorgradsrettleiing og resultat

  • mottekne studentprisar

  • eigne pedagogiske publikasjonar

  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjing går føre seg på grunnlag av innstilling av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ, inkludert intervju og eventuell prøving av undervisingskompetanse.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15.04.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    134177
  • Intern-ID
    2017/2509
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger