Universitetet i Bergen

Matematisk institutt

Tekst: Klok og formidlingslysten?

Postdoktor innan anvend matematikk/statistikk

Ved Matematisk Institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan anvend matematikk/statistikk.

Stillinga er for ein periode på 3 år knytt til Horizon 2020 prosjektet ”STEMM-CCS” som er koordinert av ”National Oceanographic Center (NOC)” i Southampton.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • STEMM-CCS har som formål å utvikle metodar for å etablere miljøstatistikk som legg grunnlag for å kunne undersøke miljøkonsekvensar og å utvikle overvakingsmetodar for å oppdage lekkasjar frå geologiske CO2 lagre til det marine miljøet.
  • Den som blir tilsett i stillinga vil vere ansvarleg for å byggje strømstatistikk basert på data frå målingar og modellar. Basert på denne statistikken skal det gjerast predikasjonar på korleis eit signal frå gassoppkommer vil arte seg. Fokus vil vere på Goldeneye området på britisk sektor i Nordsjøen.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikk, statistikk, informatikk eller geofysikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå statistisk dataanalyse og/eller maskinlæringsteknikkar vil vere ønskeleg.
  • Bakgrunn eller kjennskap til matematisk modellering, spesielt hydrodynamisk/havmodellering, vil vere ein føremon.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.

 

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidast i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 28. mars 2017

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Guttorm Alendal, Matematisk Institutt, 55584044, Guttorm.Alendal@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28.03.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    134114
  • Intern-ID
    2017/2320
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger