Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Klok og formidlingslysten?

PhD-kandidat innan matematisk orientert petroleumsseismologi (4D seismikk)

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som stipendiat innan matematisk orientert petroleumsseismologi, i eit forskingsmiljø som fokuserer på utvikling av nye seismiske metodar. Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til prosjektet ”Bayesian inversion of 4D seismic waveform data for quantitative integration with production data”, finansiert av Petromaks2-programmet til forskingsrådet.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Hovudmålet til dette prosjektet er å utvikle metodar for full bølgeformsinversion som gjev informasjon om uvisse, så vel som dei mest sannsynlege verdiane forandringane i dei elastiske parameterane som bestemmer den 4D-seismiske responsen til eit petroleumsreservoar under produksjon. Dette er naudsynt for ein kvantitativ integrasjon av seismiske bølgeformsdata og produksjonsdata, som potensielt kan føre til forbetra reservoarstyring.
  • Kandidaten skal fokusere på bruk av ei spreiingsintegral-metode for full bølgeformsinversjon i et bayesiansk (statistisk) rammeverk. Forskinga vil involvere ei blanding av analytisk og numerisk arbeid.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i matematisk orientert petroleumsseismologi, anvendt matematikk eller teoretisk/berekningsorientert fysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 15. juli 2017. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Ein relevant bakgrunn innan petroleumsseismologi (t.d. seismisk modellering og/eller avbilding/inversjon) er ein føremon. Mangel på relevant bakgrunn innan petroleumsseismologi kan kompenserast for av framifrå eigenskapar innan matematisk modellering og inversjon.
  • Kjennskap til bayesianske inversjonsmetodar vil sjølvsagt vere ein fordel, men kan og oppnåast som ein del av den organiserte forskarutdanninga.
  • Sterke programmeringsferdigheiter er heilt naudsynt.
  • Kandidaten må meistra engelsk munnleg og skriftlig flytande.

Vi søkjer ein høgt kvalifisert kandidat med evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Den som blir tilsett vil få moglegheit til å arbeide på prosjektet i samarbeid med professor Morten Jakobsen ved Institutt for geovitskap (UiB), sjefsforskar Geir Nævdal og forskar Kjersti S. Eikrem ved IRIS i Bergen.  

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 i det statlege regulativet (kode 1017/LR20, alternativ 8). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masterutdanninga eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i JobbNorge.


Søknadsfrist: 02. mars 2017


Generell informasjon

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Morten Jakobsen; e-post Morten.Jakobsen@uib.no, telefon: +4755583418; mobiltelefon: +47 45965940.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    02.03.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    134021
  • Intern-ID
    17/1916
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger