Universitetet i Bergen

Matematisk institutt

Tekst: Klok og formidlingslysten?

Stipendiat i algebraisk geometri

Ved Matematisk Institutt  er det ledig ei stilling som stipendiat i algebraisk geometri for ein åremålsperiode på 3 år med startdato innan 1. oktober 2017.

Stillinga er knytt til prosjektet “The Arithmetic of Derived Categories", finansiert av Noregs Forskingsråd under "Unge forskertalenter"-satsinga. Prosjektet fell inn under den unge og aktive forskingsgruppa for algebraisk geometri ved Universitetet i Bergen.

Om prosjektet:
Prosjektet «The Arithmetic of Derived Categories» har som mål å utvikle nye metodar, basert på bruken av den deriverte kategorien og av Fourier—Mukai transformen, til å studere geometrien og aritmetikken av projektive varietetar definert over (moglegvis endelege) kroppar av positiv karakteristikk. Alle dei tilsette i gruppa i algebraisk geometri er med i prosjektgruppa, som også involverer sju internasjonale medlem frå land i Skandinavia, Europa og USA. For meir informasjon, ver venleg og sjå prosjektet si heimeside (http://www.folk.uib.no/sti004/Project.html).

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

 

  • Søkjaren må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikk med fokus på algebraisk geometri eller eit nærliggande fagfelt.
  • Masterstudentar vert oppmoda om å søkje dersom dei planlegg å fullføre deira avsluttande mastereksamen innan 1. september 2017. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre.
  • Kandidatar må tilfredstille krava til opptak til ph.d. programmet ved Universitetet i Bergen.
  • Må vise satsing på forsking og evne til å arbeide hardt på de foreslåtte problema.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Må beherske engelsk godt, både skriftleg og munnleg

 

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Vi kan tilby:

 

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Driftsmiddel for å reise og delta i konferansar og forskingsskolar.

 

Søknaden skal innehalde:

 

  • Eit innleiingsbrev som gjer greie for søkjaren sine forskingsinteressar og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Eit referansebrev frå hovudrettleiaren til masteroppgåva eller tilsvarande, som gjev ein detaljert skildring av oppgåva, av kandidaten sin uavhengnad og som  stadfestar den forventa datoen for oppnåinga av kandidaten sin mastergrad.
  • Namn og kontaktinformasjon til ytterlegare to  referansepersonar, som vil verte kontakta dersom kandidaten vert shortlista til stillinga.
  • Eit samandrag på høgst tre sider av masteroppgåva.
  • Karakterutskrift og og vitnemål, for bachelor- og mastergraden.
  • Dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå grads gjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 1.september 2017.
  • CV med publikasjonsliste (i tillegg til utfylling av CV i Jobbnorge)
  • (Relevante) publikasjonar i søkjaren sitt namn.

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 1. april 2017

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Sofia Tirabassi epost: sofia.tirabassi@uib.no eller til instituttleiar Sigmund Selberg epost: Sigmund.Selberg@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    01.04.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    133895
  • Intern-ID
    2017/1994
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger