Universitetet i Bergen

Matematisk institutt

Tekst: Klok og formidlingslysten?

Forskar i algebraisk geometri (mellombels)

Ved Matematisk Institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar i algebraisk geometri for ein periode på 2 år med startdato 1. juli 2017.


Stillinga er meint for ein med nyleg avlagt p.hd.-grad og med framifrå forskingspotensiale.
Stillinga er knytt til prosjektet “The Arithmetic of Derived Categories", finansiert av Noregs Forskingsråd under "Unge forskertalenter"-satsinga. Prosjektet fell inn under den unge og aktive forskingsgruppa for algebraisk geometri ved Universitetet i Bergen.
  
Om prosjektet:
Prosjektet «The Arithmetic of Derived Categories» har som mål å utvikle nye metodar, basert på bruken av den deriverte kategorien og av Fourier—Mukai transformen, til å studere geometrien og aritmetikken av projektive varietetar definert over (moglegvis endelege) kroppar av positiv karakteristikk. Alle dei tilsette i gruppa i algebraisk geometri er med i prosjektgruppa, som også involverer sju internasjonale medlem frå land i Skandinavia, Europa og USA. For meir informasjon, ver venleg og sjå prosjektet si heimeside (http://www.folk.uib.no/sti004/Project.html).

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha ein solid bakgrunn og potensiale for forsking av høg kvalitet innan Algebraisk Geometri eller nærliggande fagfelt (som aritmetisk geometri).
  • Søkjarar må syne engasjement i forsking og evne til å jobbe uavhengig og strukturert, samt syne gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må beherske engelsk godt, både skriftleg og munnleg

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1109 /lønsramme 24, alternativ 1) i det statlege lønnsregulativet ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Driftsmiddel for å reise og delta i konferansar og forskingsskolar.

 

Søknaden skal innehalde:

  • Eit innleiingsbrev som gjer greie for søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga og ei skildring av korleis søkjaren sine forskingsinteressar passar til prosjektet.
  • Ei skildring av søkjaren sin tidlegare og planlagte forsking.
  • Namn og kontaktopplysningar til minst tre referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga eller tilsvarande.
  • Karakterutskrift, vitnemål og relevante attestar, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • CV med publikasjonsliste (i tillegg til utfylling av CV i Jobbnorge).
  • Opptil tre relevante publikasjonar i søkjaren sitt namn.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit anna skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr.epost til enkeltpersoner, vil ikkje verte vurderte.

 

Søknadsfrist: 1. april 2017

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Sofia Tirabassi, epost: sofia.tirabassi@uib.no eller til instituttleiar Sigmund Selberg, epost: sigmund.selberg@uib.no .

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    01.04.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    133888
  • Intern-ID
    2017/1996
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger