Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Postdoktor i fysisk oseanografi

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til prosjektet «Overturning in the Nordic Seas» (OVENS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Postdoktorstillinga er knytt til OVENS prosjektet, som er finansiert av Bergens forskningsstiftelse. Det overordna føremålet er å undersøkje det kopla hav-atmosfære klimasystemet i Dei nordiske hav, eit område som er særs viktig for Atlanterhavet si storstilte omvelting, men følsamt for klimaendringar. Dette vil bli oppnådd hovudsakleg gjennom prosessering og analyse av feltdata samla inn ved hjelp av instrumenterte måleriggar, skip, satellitt og autonome undervassglidarar og bøyer, men også ved hjelp av numeriske og teoretiske berekningar. Dei mest relevante prosessane inkluderer konveksjon, randstrømdynamikk og havets respons på atmosfærisk pådriv. Prosjektgruppa er sett saman av forskarar frå Bergen i tillegg til eit sterkt internasjonalt nettverk. Den som vert tilsett skal også samarbeide med tre stipendiatar som arbeider med det same temaet.

 

Hovudoppgåvene for postdoktoren er å kvantifisera omveltinga i Dei nordiske hav og å undersøkje innverknaden av klimaendringar på omveltinga. Forskinga vil hovudsakleg vere basert på inverse metodar i tillegg til nyleg utvikla tilstandsestimat og/eller numeriske berekningar med høg oppløysing. Det er venta at den som vert tilsett skal delta på forskingstokt til Islands- og Grønlandshava av omtrent ein månads varigheit vinteren og sommaren 2018. Den som vert tilsett i stillinga vil og ha høve til å besøke internasjonale samarbeidspartnarar i USA og Island over lengre periodar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor fysisk oseanografi, meteorologi, fysikk, anvendt matematikk eller relaterte fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Vitskaplege krav til stillinga er inngåande kjennskap til fysiske prosessar i havet, erfaring med prosessering og analyse av hydrografiske målingar og gode relevante publikasjonar. Erfaring med inverse metodar og/eller numerisk modellering er ein føremon.

  • Du må ha gode evner i programmering og matematikk.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er tre år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med prosjektleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 489 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.

  • Ei kort utgreiing om forskingstemaet og dei aspekta du ønskjer å fokusere på.

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.

  • Relevante attestar.

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt til enkeltpersonar per epost, vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Kjetil Våge, Geofysisk institutt, kjetil.vage@uib.no .

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15.03.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    133414
  • Intern-ID
    2017/690
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger