Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Professor / førsteamanuensis i maskinlæring

 

Ved Institutt for informatikk (http://www.uib.no/ii) er det ledig opptil to stillingar som professor i maskinlæring. Dersom ingen av søkjarane vert funne kvalifiserte til professor, kan søkjarane be om å verte vurderte til førsteamanuensis.

 

Instituttet vil byggje ei sterk forskingsgruppe i maskinlæring. Utlysing av stillinga(ne) er eit ledd i desse planane. Våre forskingsgrupper, spesielt gruppene i bioinformatikk og visualisering, ønskjer å samarbeide med denne gruppa.

 

Instituttet
Institutt for informatikk har 6 grupper som driver undervisning og forsking av høgt internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, optimering, visualisering, sikker kommunikasjon og programutviklingsteori, Instituttet ble rangert først i Norge på forskingskvalitet av Forskingsrådet i 2012. Alle vitskaplege ansatte vert forventa å bidra til framragande undervisning, økt internasjonal synlighet og omdøme ved forsking av høg internasjonal kvalitet.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan relevant fagfelt.
  • Søkjarar må ha erfaring som postdoktor.
  • Søkjarar må dokumentere sterk teoretisk bakgrunn og bidrag til praktiske anvendelser av faget.
  • Den velkvalifiserte kandidaten er forventa å bidra til ei aktiv rolle i tverrfagleg samarbeid innan forsking, opplæring og utdanning, og bidra til nye forskingsinitiativ.
  • Søkjarar vert forventa å ha erfaring som forskingsleiar og –koordinator, og må dokumentere personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team.

Evalueringskriteria som vil verte nytta er vitskaplege kvalifikasjonar, evne til å innhente eksterne forskingsmiddel, prosjektleiing og interesse og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar.

 

Vi vil vurdere å tilby høgt kvalifiserte søkjarar med ein framragande forskingsplan, ein startpakke som inkluderer ein eller fleire rekrutteringsstillingar (ph.d.-studentar, postdoktorar). Dersom det melder seg fleire høgt kvalifiserte kandidatar kan opptil to kandidatar bli tilbydd ei stilling ved instituttet, avhengig av budsjettsituasjonen.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 74–84 (kode 1013) i det statlege lønsregulativet. 

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 67 (kode 1011/LR 24.8). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 67–72).


For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.


  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden må innehalde:

  • CV

  • Motivasjonsbrev

  • Oppgi minst to referansar

  • Ein kort forskingsplan for den første femårsperioden

  • Vitnemål

  • Attestar

  • Fullstendig pulikasjonsliste

  • Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar

  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde (max. 10)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 1. april 2017

 

Generelt

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Petter E. Bjørstad, e-post Petter.Bjorstad@ii.uib.no / telefon +47 55 58 41 71.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Krav til undervisning

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett, må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eitt år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

I tråd med dei generelle reglane ved universitetet kan den som blir tilsett, innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse, også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.


Ved Universitetet i Bergen vert det lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved å sende inn:

 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå

  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

  • mottekne studentprisar

  • eigne pedagogiske publikasjonar

  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

     

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    01.04.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    132993
  • Intern-ID
    2017/538
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger