Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Bilde med teksten Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor i meteorologi

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i meteorologi, numerisk modellering. Stillinga er for ein periode på tre år og finansiert av Universitetet i Bergen og Meteorologisk institutt.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er del av eit forsøk på å utvikle ei fysisk basert nedskalering av det nasjonale numeriske vervarselet som er i dag vert berekna på eit 2,5 x 2,5 km2 rutenett. Prognosane blir i dag korrigert ved hjelp av statistisk analyse og presenterast på Yr.no (verdens femte største webbaserte vêrteneste). Målet er å ytterlegare forbetre prognosekvaliteten avmeteorologiske variablar nær bakken (temperatur, vind, nedbør), å takle uteståande prognoseutfordringar ved å utnytte høg oppløyseleg bakkenær informasjon (topografi, arealbruk, etc.) samt utnytte potensialet i den raskt aukande mengda av ukonvensjonelle (til dømes personlege) vêrobservasjonar.

Postdoktoren sitt hovudansvar blir å utvikle ein berekningsrask (i eit operativt miljø) fysikk-basert nedskaleringsmodell som er avgrensa av den nasjonale vervarslingsanalysen / prognosen. Nyskapinga i prosjektet er å utforske og utvikle evnene til å nytte nye, ukonvensjonelle observasjonar. Spesiell vekt vil bli lagt vekt på å forbetre kvaliteten av korttidsvarselet (nowcasting) . Postdoktoren vil jobbe tett med forskarar ved det norske Meteorologisk Institutt.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor atmosfære vitskap eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • En sterk bakgrunn innan numerisk modellering av vær og / eller klima er ein føremon.
  • Erfaring med å evaluere resultata av vær- og klimamodeller ved hjelp av statistisk analyse.
  • Praktisk erfaring med programmering (Fortran, C +, Matlab, Python, R, etc.) og dei numeriske metodane som brukast i meteorologisk modellering.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er tre år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med prosjektleiar utarbeide ein plan for kvalifiserings-arbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 489 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Om det er mindre enn fem år sidan doktorgraden ble oppnådd, må ein av desse vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • Relevante attestar

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt til enkeltpersonar per epost, vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Nils Gunnar Kvamstø, Geofysisk institutt (nils.kvamsto@uib.no ) eller professor Asgeir Sorteberg, Geofysisk institutt (asgeir.sorteberg@uib.no )

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    01.02.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    132763
  • Intern-ID
    2016/13889
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger