Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Bilde med teksten Bli med å skape fremragende forskning

Stipendiat i fysisk oseanografi

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år med oppstart i august 2017, knytt til prosjektet "Topographic Barriers Controlling Warm Water Inflow and Antarctic Ice Shelf Melting” (TOBACO), finansiert av Noregs Forskingsråd gjennom Polarprog-programmet.

 

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

I TOBACO–prosjektet vil vi studere korleis to topografiske barrierar – kontinentalskråninga og isbremfronten -  styrer og påverkar  straumen av varmt djupvatn mot, og inn under, dei Antarktiske isbremmane. Dei Antarktiske isbremmane smeltar i aukande grad, og dette skuldast i stor grad at varmt vatn frå havet utanfor Antarktis vert transportert inn under isbremmane, med havstraumar, og dermed kan smelte isbremmane frå undersida. Prosjektet vil fokusere på to regionar: Filchner-Ronne isbremmen i Weddelhavet og Getz isbremmen i Amundsenhavet.

 

Vi vil først studere fysikken til dei varme havstraumane i storskala laboratorieeksperiment, der vi nyttar avanserte teknikkar for straumvisualisering og kraftig idealisert topografi. Vi vil òg nytte idealiserte prosessorienterte numeriske havmodellar. Kunnskapen frå desse eksperimenta vil så jamførast med observasjonar (måleriggar og profiler) frå den reelle verda, samt med regionale numeriske havmodellar. Vi forventar at kandidaten deltek i laboratorieeksperimenta ved Coriolis-laboratoriet i Grenoble, Frankrike, samt tilbringar opp til seks månader ved Universitetet i Gøteborg, Sverige. Laboratorie-eksperimenta vil verte utført i løpet av to månader (September-Oktober 2017).

 

PhD-kandidaten vil fokusere på geostrofisk balansert straum, og straum styrt av turbulens/virvlar som kryssar isbremfronten, og vil måtte nytte teori, resultat frå laboratorieeksperiment, numerisk modellering (MITgcm), samt observasjonar frå måleriggar som vil verte henta opp i løpet av prosjektperioden.

 

Kandidaten vil verte ein del av eit internasjonalt prosjekt, som involverer forskarar frå Bergen, Tromsø, Sverige, Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Korea. Han eller ho, vil verte rettleia av E. Darelius (UiB, Bergen), A. Wåhlin (GU, Sverige) og S. Kimura (NERSC, Bergen).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, meteorologi, fysikk, anvendt matematikk eller eit anna relevant felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Til vurderinga av kandidatane, vil det verte lagt vekt på kunnskap og erfaring i (i denne rekkefølgja) matematisk analyse, numerisk modellering, dataanalyse og felt/laboratorie-arbeid

  • Det vert kravd kunnskap om fysiske prosesser i havet, samt gode ferdigheter innan matematikk og programmering.

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og vilje til å samarbeide med andre i prosjektgruppa.

  • Gode ferdigheter i skriftlig og munnleg engelsk.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Ei kort utgreiing om forskingstemaet og dei aspekta du ønskjer å fokusere på.

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.

  • Relevante attestar

  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid i ditt namn (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Elin Darelius, Geofysisk institutt (elin.darelius@uib.no).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    01.03.2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    132649
  • Intern-ID
    2016/13407
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger