Norad - Direktoratet for utviklingssamarbeid - gir faglege råd på det utviklingspolitiske området til Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane, bistår med kvalitetssikring av utviklingssamarbeidet, forvaltar tilskotsordningar på utviklingsfeltet, sørger for uavhengige evalueringar, og kommuniserer om utviklingssamarbeidet og resultata som blir oppnådd. Norad er ein fagetat administrativt underlagd Utanriksdepartementet. Norad har i tillegg ansvar for oppfølging av delar av regjeringa sitt klima- og skoginitiativ, og er i desse sakene underlagt Klima- og miljødepartementet.

Personal- og administrasjonsavdeling skal gjennom rådgiving og interne tenester bidra til ei velfungerande verksemd, og sikre effektivitet i oppgåveløysinga hos brukarane i organisasjonen. Avdelinga bidreg til å utvikle organisasjonen slik at den fungerer heilheitleg, effektivt og med fokus på læring, trivsel og gode arbeidsvilkår. Avdelinga har fra 1.1.2017 tre seksjonar - for styring og økonomi, personal, og dokumentasjon og drift.

Det er ledig ei fast stilling som seniorrådgivar med ansvar for digitalisering og informasjonssikkerheit. Stillinga er plassert i Seksjon for styring og økonomi, som vil ha ansvaret for tilrettelegging og utvikling av den overordna verksemd- og økonomistyringa i Norad.

Den som blir tilsett i stillinga skal vere pådrivar i Norad sitt arbeid med digitalisering og informasjonssikkerheit. Vi søker ein medarbeidar med høg kompetanse, pågangsmot og evne til gjennomføring i ei sjølvstendig og viktig stilling. Stillinga medfører utstrekt kontakt med organisasjonen for øvrig og med Utanriksdepartementet, som leverer IKT-driftstenester til Norad.

Seniorrådgivar - digitalisering og informasjonssikkerheit i Norad

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Intern utlysning
  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Norad
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    130927
  • Intern-ID
    PA 23/16
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger