Norad - Direktoratet for utviklingssamarbeid - gir faglege råd på det utviklingspolitiske området til Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane, bistår med kvalitetssikring av utviklingssamarbeidet, forvaltar tilskotsordningar på utviklingsfeltet, sørger for uavhengige evalueringar, og kommuniserer om utviklingssamarbeidet og resultata som blir oppnådde. Norad er ein fagetat administrativt underlagt Utanriksdepartementet. Norad har og ansvar for oppfølging av delar av regjeringa sitt klima- og skoginitiativ, og er i desse sakene underlagd Klima- og miljødepartementet.

Utdanning og helse er hovudsatsingar i norsk utviklingspolitikk. Noreg har tatt ei global leiarrolle på utdanningsområdet, mens vi har hatt ei leiar- og pådrivarrolle innan global helse i ei årrekkje. Norad ved Avdeling for helse, utdanning og forsking gir viktige bidrag i dette arbeidet. Avdelinga dekker sentrale tema for menneskeleg utvikling, og arbeider med større globale initiativ og multilaterale organisasjonar innan global helse, utdanning, høgre utdanning, forsking og innovasjon.

Avdelinga disponerer eit årlig budsjett på om lag ¾ mrd. kroner for å nå dei utviklingspolitiske måla innanfor sitt ansvarsområde.

Avdeling for helse, utdanning og forsking har 35 medarbeidarar, og er organisert i tre seksjonar. Til å fylle stillinga som leiar av avdelinga søker vi ein leiar med ein sterk profil som kan være ein aktiv deltakar i norske og internasjonale prosessar og debattar.

Norads leiarar svarar for oppnådde resultat og kvalitet i leveransane.

Avdelingsdirektør ved Avdeling for helse, utdanning og forskning

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Intern utlysning
  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Norad
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    130182
  • Intern-ID
    HUF 20/16
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger