Høgskulen på Vestlandet

Frå 1. januar 2017 blir Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) fusjonert til ein ny høgskule på Vestlandet.

Den nye høgskulen skal vere del av ein sterk UH-sektor på Vestlandet gjennom oppbygging av sterke fagmiljø i ein viktig og synleg utdannings- og forskingsinstitusjon med universitetsambisjonar. Med god forankring i dei tre nærregionane Sunnhordland/Haugalandet, Bergensområdet og Sogn og Fjordane, vil høgskulen ha ein profesjons- og arbeidslivsprofil som gjer seg gjeldande i både nasjonal og internasjonal samanheng.

Kompetansefellesskapet som fagmiljøa i den nye høgskulen utgjer, vil betre kunne svare på regionale, nasjonale og internasjonale behov for omstilling og endring. Høgskulen skal vere ein konkurransedyktig og attraktiv institusjon for studentar og fagpersonar, og vil gjennom ei digital satsing sikre effektiv informasjonsdeling og utvikle framtidsretta utdannings- og læringsfellesskap ved hjelp av ny teknologi.

Den fusjonerte høgskulen vil vere ein av landets største, med om lag 16 000 studentar og 1600 tilsette fordelt på fem studiestader – Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Hausten 2016 har eit interimsstyre med ekstern styreleiar ansvar for avgjerder som gjeld fusjonen. Frå 1.1.17 går interimsstyret over til å vere styret for den nye høgskulen, som blir samla under felles institusjonsleiing, med tilsett rektor.

Rektor ved Høgskulen på Vestlandet

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Søknadsfristen er gått ut
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    127345
  • Intern-ID
    16/02306
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Se mer

Finn andre stillinger