Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 10.100 studentar og 1.530 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Lesesenteret er del av Det humanistiske fakultet, og har oppgåver innanfor universitetet knytt til utdanning og forsking hovudsakleg på to område: spesialpedagogikk/utdanningsvitskap (lese- og skrivevanskar/dysleksi) og lesevitenskap/literacy studies (leseutvikling og -opplæring, tekstkultur). I tillegg har vi som eitt av ti nasjonale senter ansvar for leseopplæring og leseutvikling på landsbasis. Hovudmålsgruppene for aktiviteten til senteret er pedagogar i barnehage, lærarar i grunnskule og vidaregåande opplæring, PP-teneste, skuleleiarar, skuleeigarar og tilsette i lærarutdanninga. Senteret har f.t. rundt 60 tilsette, inkludert faste og mellombels stillingar. Vi samarbeider med dei andre nasjonale sentera og med senter innan Statped. Som del av universitetet samarbeider òg Lesesenteret med andre fagmiljø om forsking, forskarutdanning, undervising og rettleiing. Lesesenteret har dessutan eit omfattande internasjonalt samarbeid.

Postdoktor i lesevitskap/utdanningsvitskap

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Stavanger
  • Nettside
  • Kommune
    Stavanger
  • Arbeidssted
    Ullandhaug
  • Jobbnorge-ID
    119621
  • Intern-ID
    30063635
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Se mer

Finn andre stillinger