Kultur- og likestillingsdepartementet

Arkivverket

Det statlege Arkivverket er ein landsomfattande etat med Riksarkivet som sentralinstitusjon. Riksarkivaren er leiar både for heile etaten og for Riksarkivet.

I tillegg til Riksarkivet består Arkivverket av åtte statsarkiv med regionalt avgrensa ansvarsområde, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv. Dei viktigaste oppgåvene til Arkivverket er å ta vare på arkivmateriale frå statlege organ, gjera arkiva tilgjengelege for bruk, føra tilsyn med arkivarbeidet i statleg og kommunal sektor og medverka til at òg private arkiv blir tekne vare på. Etaten har forvaltningsansvar og fullmakter etter lov om arkiv.

Arkivverket har om lag 280 årsverk, av desse om lag 160 i Riksarkivet. Samla dritfsløyving for 2014 er 323 mill. kroner. Samla arkivbestand er i dag på nærare 264 000 hyllemeter, for det meste i form av papirbasert arkivmateriale. Den største utfordringa framover er å ta hand om arkivmateriale i elektronisk form. Det ligg òg ei stor oppgåve i å vidareutvikla moderne formidlingsformer som kan vera med på å gjera arkiva lettare tilgjengelege for eit større publikum. Ei særleg utfordring er å få til eit tenleg samarbeid med arkivsektoren utanfor Arkivverket og med tilgrensande fagsektorar som bibliotek og museum.

Riksarkivar - leiar for Arkivverket

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Kultur- og likestillingsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    101138
  • Intern-ID
    KUD 13/2410
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger