Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Bli med å skape fremragende forskning

Førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap.

LLE har om lag 60 vitskapleg tilsette, om lag 50 doktorgradskandidatar, stipendiatar og postdoktorar og 15 tilsette i tekniske og administrative stillingar.

Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, Norskkursa, språkvitskap og teatervitskap.

Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida fire tilsette med nordisk litteraturvitskap. I tillegg kjem stipendiatar i disiplinen og tilsette i nærskylde disiplinar innanfor nordiske fag.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsområdet for den som vert tilsett, omfattar forsking, rettleiing og undervisning i nordisk litteraturvitskap frå norrøn tid og til i dag, og på felt der nordisk litteraturvitskap samarbeider med andre disiplinar.

Den som vert tilsett skal ta del i undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og i alle dei programma der nordisk litteraturvitskap inngår. På grunnivået må han eller ho vere budd på å undervise i heile den breidda som disiplinen spenner om. På høgre nivå vil det i større utstrekning vere rom for at den tilsette underviser mest på felt der han eller ho har særleg kompetanse. Ein del av arbeidet skal nyttast til å rettleie studentar på masternivå og doktorgradsnivå.

Det er eit krav at alle dei tilsette, utan omsyn til vitskapleg spesialisering, syner ansvar for heilskapen i det faglege miljøet og gjer sitt til at undervisningstilbodet kan haldast oppe og utviklast.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett, òg verte pålagd undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde og sine faglege spesialitetar. Han eller ho vil òg få ulike fagleg-administrative oppgåver. Ved fakultetet og instituttet legg ein vekt på vilje og evne til å drive fagleg formidling og delta i aktuell samfunnsdebatt om faglege tema.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha doktorgrad innanfor litteraturvitskap eller tilsvarande. Det er framfor alt ønskjeleg at den som vert tilsett, har forskingskompetanse på nordisk, særleg norsk, litteratur frå 1600-talet og fram til i dag

Søkjarar må ha publisert forskingsresultat ut over doktorgrad.
Det er ein fordel med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt.


Den som vert tilsett, skal undervise om nordisk litteratur og gi rettleiing i skriftleg norsk. Det er derfor eit krav at han eller ho kan undervise på eit skandinavisk språk og kan rettleie i bruk av skriftleg norsk, både bokmål og nynorsk.

Den som vert tilsett, må kunne dokumentere gode undervisningskvalifikasjonar eller tilsvarande røynsle. Han eller ho må kunne gi undervisning i nordisk litteraturvitskap på alle nivå, og må kunne rettleie på mastergradsnivå. Det vert gitt tilbod om opplæring i universitetspedagogikk dersom krava til pedagogisk basiskompetanse ikkje er oppfylt.

Den som vert tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Det er forventa at den som vert tilsett i stillinga er busett i Bergen og tek del i dagleg virke ved instituttet.

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 60 (for tida: NOK 517 300,-) for førsteamanuensis (kode 1011/lønsramme 24) i statens regulativ. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø


  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Nærare opplysningar

Instituttleiar Johan Myking per e-post johan.myking@uib.no eller tlf. 55 58 24 18 eller professor Eirik Vassenden (eirik.vassenden@uib.no eller tlf. 55 58 24 59).

Slik søkjer du på stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via link på denne sida «SØK STILLINGEN» Dette må følgje den elektroniske søknaden:

  1. CV


  2. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

  3. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar


  4. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd


  5. Publikasjonsliste


  6. Inntil 5 vitskapelege arbeider


  7. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

Den sakkunnige komiteen kan be om supplerande dokumentasjon.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og prøveforelesing.
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Søknadsfrist: 1. mars 2018


Søknaden skal merkjast: 17/15626

Apply for this job

About this job

  • Deadline
    Thursday, March 1, 2018
  • Employer
    Universitetet i Bergen
  • Website
  • Municipality
    Bergen
  • Jobbnorge ID
    146481
  • Internal ID
    17/15626
  • Scope
    Fulltime
  • Duration
    Permanent

About applications

  • Applications on this job are registered in an electronic form on jobbnorge.no
  • You must complete: Academic CV
  • Please refer to where you first saw this job advertised!

See more

Find more jobs