Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Universitetet i Bergen (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet. Vi held til midt i hjartet av Bergen og har røter tilbake til grunnlegginga av Bergens Museum i 1825. Det viktigaste bidraget vårt til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

 

Postdoktor / stipendiat i medisinsk visualisering

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor, alternativt som doktorgradsstipendiat, for ein periode på 3 år, knytt til eit nytt forskingsprosjekt i samarbeid med GE Vingmed Ultrasound og finansiert gjennom Forskingsrådet sitt BIA-program.

Stillinga er lagt til visualiseringsgruppa (www.ii.Uib.no/vis) ved Institutt for informatikk og omfattar avansert 3D visualisering av ultralyddata. Dei andre partnarane i prosjektet "Photorealistic Visualization of the Heart with Future 3D Imaging Technology" er Universitetet I Oslo og SINTEF.

Om stillinga og krav til kvalifikasjonar

Postdoktor
Vi søkjer ein kandidat med solid kompetanse innan avansert 3D visualisering av ultralyddata. Kompetanse innan avansert 3D visualisering vil derfor verte vektlagt i betydeleg grad; det same gjeld kunnskap om ultralydopptak og/eller prosessering av ultralyddata, slik som teknologi for bildedanning eller bildebehandling av ultralyd. Bakgrunn innan GPU programmering vil verte betrakta som verdifullt; det same gjeld dokumentert evne til å gjennomføre forskingsprosjekt.

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast som postdoktor i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

Søkjarar må ha oppnådd doktorgrad i informatikk eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjend før tilsetjing kan skje.

Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/LR 24.1) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 57–65). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Dersom det ikkje melder seg velkvalifiserte søkjarar til postdoktorstillinga vil velkvalifiserte doktorgradsstipendiatar verte vurderte.

Doktorgradsstipendiat
Søkjarar må kunne dokumentere bakgrunn innan visualiering (eventuelt datagrafikk). Ein solid bakgrunn innan matematikk og/eller fysikk, da fortrinnsvis ultralydfysikk, er ein føresetnad. Omfattande erfaring med visualisering og/eller prosessering av ultralyddata vil verte vektlagt.

Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Før tilsetjing kan skje er det likevel ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Søknad om opptak til ph.d.-studiet, inklusive plan for gjennomføring av forskarutdanninga, vil verte utarbeidd i samråd med rettleiar. Det kan verte gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20.8) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.


For meir informasjon ver vennleg å ta kontakt med Helwig.Hauser@UiB.no eller Ivan.Viola@UiB.no


For beggje stillingane
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Send søknad, CV, attestar, karakterutskrifter, vitnemål og vitskaplege arbeid, med ei liste over desse (publikasjonsliste) elektronisk ved å klikke på knappen merkt ”SØK STILLINGA” på denne sida.

Søknader sende på e-post til enkeltpersonar ved instituttet, vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 20 desember 2012

Merk søknaden: 2012/12296

Forhåndsvisning
Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Søknadsfristen er gått ut
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    88720
  • Intern-ID
    2012/12296
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger