Universitetet i Bergen
Institutt for informatikk

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

 

Stipendiat i berekningsorientert biologi

Ved Institutt for informatikk (http://www.uib.no/ii/en) er det ledig ei stilling som stipendiat i berekningsorientert biologi. Stillinga er knytt til Computational Biology Unit.


Stipendperioden er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeidstid. Pliktarbeidet kan bestå av undervisning og/eller administrative oppgåver. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det gjerast frådrag i tilsetjingsperioden.


Prosjektet vil innebere utvikling og bruk av metodar for analyse av high-throughput sekvensering av data i samanheng med metagenomic eksperimenter. Metagenomic prosjekta kan til dømes brukast til å karakterisere miljøprøver i forhold til kva artar eller genar som er til stades eller kva genar som er uttrykt. I dette prosjektet vil vi utvikle nye metodar for analyse av metagenomic data og i samarbeid med eksperimentelle grupper anvende desse på reelle data.


Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan berekningsorientert biologi eller relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute.

 

Demonstrerte ferdigheiter i minst eitt felles programmeringsspråk er nødvendig. Formell opplæring i informatikk, bakgrunn i statistikk, og molekylærbiologi trening er svært fordelaktig.


Forskingsprosjektet krev teknikkar som omfattar analyse av high-throughput sekvensering av data. Kompetanse og erfaring innan molekylærbiologi og mikrobiologi, og dessutan innanfor statistikk og multivariat dataanalyse vil vere svært fordelaktig.


Personlige eigenskapar vil verte vektlagt. Kandidaten bør ha demonstrert evne til effektivt å lære nye ferdigheiter, vere motivert, ansvarlig og entusiastisk om forsking.

 

Det vert forventa at søkjaren meistrar engelsk munnleg og skriftleg.

 

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er difor ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk.

Vi kan tilby eit konkurransedyktig og stimulerande arbeidsmiljø som vert rettleia av erfarne forskarar.


Løn etter lønssteg 50 i statens regulativ (kode 1017/LR 20.8) kr. 421.100,- brutto ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Inge Jonassen inge.jonassen@ii.uib.no

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om kjønnskvotering i personalreglementet for vitskaplege stillingar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Vi har difor som personalpolitikk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, og likeeins personar med nedsett funksjonsevne. Vi oppmodar personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.


Send søknad, CV, relevante attestar, karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at masteroppgåva er levert, vitskapelege arbeid og ei liste over desse (publikasjonsliste)elektronisk ved å klikke på knappen «SØK STILLINGEN» på denne sida.

 

Søknaden bør innehalde ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga, og namn og kontaktopplysningar til minst to referansar.

 

Dersom vitnemål, karakterutskrift og anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du lasta opp attesterte omsetjingar.

 

Søknadsfrist 15. august 2014

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15.08.2014
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    104258
  • Intern-ID
    2014/6927
  • Omfang
    Heltid

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger