Universitetet i Bergen
Institutt for informatikk

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

 

Stipendiat i informatikk

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som stipendiat i informatikk.

 

Stipendperioden er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeidstid. Pliktarbeidet kan bestå av undervisning og /eller administrative oppgåver.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det gjerast frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute.

 

Det er eit krav at du har veldig gode ferdigheiter i engelsk.

 

Du må vere sterkt motivert og kvalifisert til å fullføra eit ph.d.-program i ei av dei 6 forskingsgruppene ved instituttet. Meir informasjon om forskingsgruppene er tilgjengeleg på http://www.ii.uib.no

 

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er difor ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk.

 

Løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20.8) ved tilsetjing (bruttoløn kr 421 100,- pr. år). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Petter Bjørstad, e-post: petter.bjorstad@ii.uib.no

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Vi har difor som personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, og likeeins personar med nedsett funksjonsevne. Vi oppmodar personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Send søknad, CV, attestar, karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at masteroppgåva er levert, vitskaplege arbeid og ei liste over desse (publikasjonsliste) elektronisk ved å klikke på knappen merkt ”SØK STILLINGEN” på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga og dessutan namn og kontaktopplysningar til minst to referansar. (Ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve).

 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter og anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsetjingar.

 

Søknadsfrist: 15. august 2014

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15.08.2014
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    103925
  • Intern-ID
    2014/6220
  • Omfang
    Heltid

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger