Universitetet i Bergen (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet. Vi held til midt i hjartet av Bergen og har røter tilbake til grunnlegginga av Bergens Museum i 1825. Det viktigaste bidraget vårt til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

 

Postdoktor ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

Ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig ei stilling i 2 år som postdoktor med tilsetjing frå 1. november 2013. Stillinga er knytt til det NFR- og UiB-finansierte prosjektet Poetry and Philosophy. Poetical and Argumentative Elements in Plato's Philosophy.

 

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning i antikkens filosofi, med særleg vekt på Platon. Det er mogeleg å søkje stillinga utan å ha disputert, men det er eit krav at doktoravhandlinga er levert til bedømming innan søknadsfristen er ute. Avhandlinga må vere godkjend før tilsetjing kan skje.

 

Den faglege kvaliteten på søkjarane og deira forskingsprosjekt vil i tillegg til relevansen for det overordna prosjektet, vere hovudkriterium når ein rangerer og innstiller søkjarane.

 

Om stillinga

Søkjaren sitt forskingsprosjekt må ha direkte tilknyting til sentrale problemstillingar i prosjektet ”Poetry and Philosophy” og bør fokusere på eitt eller fleire av følgjande tema:

- Filosofiskikkelsen/skikkelsane som vert konstruerte i dialogane.

- Platons filosofiske argumentasjon i relasjon til den litterære karakteren til dialogane hans

- Tilhøvet mellom Platons dialogar og ”mimetisk” litteratur.

 

Nærare informasjon om prosjektet ”Poetry and Philosophy” og dei problemstillingane ein ønskjer å få undersøkt, kan ein finne her: http://www.uib.no/fof/25261/poetry-and-philosophy 

 

Tilsetjing i postdoktorstillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og jamleg tek del i arbeidet i forskingsgruppa for antikkens filosofi, og at ein elles rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Løn

Løn etter lønssteg 57 (kode 1011/LR24) i statens lønsregulativ, for tida kr. 468 100 per år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse.

 

Andre opplysningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Vigdis Songe-Møller på telefon 55 58 23 87 eller e-post: vigdis.songe-moller@fof.uib.no

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort. Det kan også bli aktuelt med ei prøveførelesning.

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK På JOBBEN». Søkjarane skal nytte det elektroniske CV-skjemaet som ein finn der. I tillegg må dette følgje søknaden:

  1. Prosjektomtale (inntil 5 sider)
  2. Framdriftsplan for prosjektet
  3. Litteraturliste for prosjektomtalen
  4. Eit kort samandrag av doktoravhandlinga (inntil 5 sider)
  5. Vitnemål frå universitet/høgskole som dokumenterer relevant      utdanning for søknaden (skanna versjon)
  6. Liste over vitskaplege produksjonar
  7. Inntil 5 representative vitskaplege arbeid

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

 

Dei vitskaplege arbeida, inkludert liste over desse, (alt i 3 eksemplar) skal sendast pr. post til Universitetet i Bergen, Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, Postboks 7805, 5020 Bergen.

 

Dei vedlagte vitskaplege arbeida og vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege arbeid og omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må vere fakultetet i hende innan søknadsfristen.

 

Publikasjonar som ikkje er sende inn som del av søknaden, vert ikkje vurderte.

 

Søknadsfrist: 20.05.2013

Merk søknaden: 13/2068